top of page
ME_logo_kvadratisk_13.11.2018.png

NY​HENDE

27.11.2022: Fokus på ME sin julekampanje 2022: 

Vi har laga ei ny fane under familiar berørt av, Julekampanje 2022

Les tekstinnlegget Fokus på ME har fått skrive av Venke Midtlien med overskrifta «SMÅ, BILLIGE OG STORE JULEØNSKER» 

Her finn du juleinnsamlinga Fokus på ME har laga på spleis og Facebook. 

07.11.2022: Fokus på ME sin juleinnsamling til ME-forskinga ved Haukeland. 

Fokus på ME har i år opprette innsamling både gjennom Spleis og på Facebook.
Vi håpar mange vil støtte opp om den, og dele vidare. 

 

GI JULEGÅVE TIL FOKUS PÅ ME OG ME-FORSKINGA: 

I år ønskjer som i fjor ønskjer vi oss ei gåve til Fokus på ME, pengane vil bli gitt til forskingsgruppa ved Haukeland Universitetssjukehus. Med denne juleinnsamlinga håpar vi at alle som har mogelegheit, vil hjelpe oss med å støtte innsamlinga. Alle bidrag hjelper, på førehand tusen takk for di støtte. Vi også svært takksam for deg som hjelpe med å dele vidare til andre, slik at vi når ut til mange.

 

Link til Spleis: http://spleis.no/fokuspame-jul22

Link til Facebook: https://www.facebook.com/donate/1541701822961018/

Vippsnummer til Fokus på ME er 548006.

07.11.2022: Farsdag søndag 13.november og snart jul - kjøp ei gåve med meining og støtt vårt arbeid. 

 

Masse fine produkt, både til deg sjølv, og i gåve. Det nærmar seg farsdag og jul. Her kan ein samtidig støtte ei god sak. Vi har kjempa for ME-saka lenge. Heimesidene våre er oppdatert. Vi set veldig pris på om du delar til andre som kan ha interesse. 

 

Eksklusiv Kaffi frå «Kafferøst» og 3 ulike eske med sjokoladetrøfler, Lakrissjokolade, krydder frå Gourmetfabrikken. Meir informasjon finn du i fana under.  NB! Inntekt av kaffedugnad og trøfler, lakris, krydder går til organisasjonen ME-konferanse Stryn, men ein kan bestille samla alt. Vi fekk nye produkt og ny levering i oktober 2022 - så vi håpar å selge ut før jul. Vippsnummer: 608998 

Alt anna inntekt til organisasjonen Fokus på ME. Vippsnummer: 548006. 

Når det gjeld te i lausvekt frå Smak og Behag i Bodø fekk nye juleposar også i oktober -22. Vi har kun nokre få, så ønskjer dei bestill i god tid, og det er den teen vi kjem til å selge i forkant av jul.  

Hervik sel vi ut det vi har igjen (nokre få ting, juice, 3 pkn syltetøy og 3 pkn saft) til 15 % rabatt. Vi kjem ikkje til å bestille meir av Hervik i forkant av jul. 

 

Vi er takksam for gåvedonasjonar til ME-forskinga. Vi har dugnadssal til organisasjonen, sia det har ikkje vore mogleg å få sponsorstøtte til Fokus på ME eller støtte frå kommune. Bestill gjerne ved å ta kontakt på sms 92807780, hugs oppgi adressa di og telefonnr. Avtal med Ester Anny for levering i nærområde. Eller bruk e-post fokuspame@gmail.com. Vi sender etter posten sine takstar, kjøper betaler porto. 

Besøk heimesidene og sjå:

https://www.fokuspame.no/dugnadsaltilorganisasjonen

https://www.fokuspame.no/butikk

https://www.mekonferansestryn.no/stott-me-konferanse-stryn

07.11.2022: 

Psykologspesialist Frøydis Lilledalen har skrive kriminalroman «Paradis» 2021 og «Mødrenes Synder» utgitt i 2022.Frøydis har ME og er sengeliggande, men har likevel skrive fleire kronikkar og debattinnlegg i ME-saka. I tillegg har ho gitt ut to krimbøker. Fokus på ME håpar flest mogleg vil kjøpe og lese bøkene hennar, også at Biblioteka får opp augene for desse bøkene og kjøper inn. Bøkene har fått gode terningkast og anmeldelsar.
 

Halvparten av forfatteren si forteneste på romanen «Paradis» går til ME-forskinga ved Haukeland sjukehus, via organisasjonen Fokus på​ ME. Ein del av overskotet for Mødrenes synder går også til Haukelandsforskinga, via Fokus på ME. 

 

Bøkene er enkel å få tak i fleire bokhandlarar. Om du ønskjer å kjøpe boka i din lokale bokhandlar, så kan dei sikkert ta den inn på bestilling. Vi var innom på Stryn Torg - Norli Stryn og dei kunne ta inn desse bøkene til Frøydis Lilledalen på bestilling, i tillegg boka til Jørgen Jelstad og Morten Borgersen «Våre liv, Våre Stemmer»: - I denne boken løftes stemmene til de ME-syke frem, i tillegg til alle de som står dem nær, innenfor familien, hjelpeapparatet og i forskningsmiljøet. 

 

«Paradis» (Første boka, utgitt 2021) 

https://www.norli.no/boker/skjonnlitteratur/krimboker/paradis-3

 

«Mødrenes Synder» utgitt i 2022. 

https://www.norli.no/boker/skjonnlitteratur/krimboker/modrenes-synder-1 

 

28.09.2022: 

Oppdatering frå Haukeland om Fitbit-studien september 2022, på norsk: 

19. september ble en artikkel om studien “Aktivitetsmonitorering ved ME/CFS» - også kjent som Fitbit-studien – publisert i tidsskriftet PLoS One. Artikkelen er skrevet av Ingrid Gurvin Rekeland og kolleger, og du kan lese den i fulltekst her:  
Activity monitoring and patient-reported outcome measures in Myalgic Encephalomyelitis/Chronic Fatigue Syndrome patients - PubMed (nih.gov).

 

Les norsk samandrag her

25.09.22:  

Fokus på ME har gjeve kr 160 000 til forskingsgruppa ved Haukeland Universitetssjukehus. Totalt er kr 870 000 samla inn og gjeve til forskingsgruppa ved Haukeland. Tusen hjarteleg takk til kvar og ein, som har støtte med små og store beløp. Les meir i denne fana: https://www.fokuspame.no/midlar-som-er-gjeve

Besøk gjerne også vår Facebook-side: facebook.com/fokuspame

 

25.09.22:

Dugnadsal Fokus på ME , 15 % rabatt Hervik Dugnad. Håpar folk støttar med det som er att av Hervik til organisasjonen. Ta kontakt på tlf. 92807780

Del gjerne vidare til folk de trur kan ha interesse. Fokus på ME har ingen inntekt medlemskontingentar eller tilskot: https://www.fokuspame.no/dugnadsaltilorganisasjonen

25.09.22:

Ny studie frå Haukeland,  publisert 19.september i  PLOS , med tittel "Activity monitoring and patient-reported outcome measures in Myalgic Encephalomyelitis/Chronic Fatigue Syndrome patients" 

Forfattarar:

Ingrid G. Rekeland, Kari Sørland, Ove Bruland, Kristin Risa, Kine Alme, Olav Dahl, Karl J. Tronstad, Olav Mella, Øystein Fluge.

Les her:  https://www.mekonferansestryn.no/post/ny-studie-fr%C3%A5-haukeland

25.09.22:

Dette er tatt opp i ein e-post til Helse- og Omsorgsdepartementet inklusiv alle politikarar i Helse- og omsorgskomiteen, Arbeids- og Sosialdepartementet og Arbeids- og sosialkomiteen sendt 4.septemerber 2022:

ME er ein svært alvorleg sjukdom - støtt biomedisinsk ME-forsking og gi håp, riktig kunnskap, oppdaterte retningslinjer og adekvat behandling. Les her

11.07.22: 'Fokus på ME' mottok eit nytt svar frå Forskingsrådet i juni ang. BEHOV-ME, svaret kan lesast i heilheit på denne fana: https://www.fokuspame.no/statentildeling

08.07.22:  

Fokus på ME har gjeve kr 165 000 til forskingsgruppa ved Haukeland Universitetssjukehus. Totalt er kr 710 000 samla inn og gjeve til forskingsgruppa ved Haukeland. Tusen hjarteleg takk til kvar og ein, som har støtte med små og store beløp. Les meir i denne fana: https://www.fokuspame.no/midlar-som-er-gjeve

Besøk gjerne også vår Facebook-side: facebook.com/fokuspame

03.06.22: Om du ikkje allereie har lese Fokus på ME sin kampanje i samband med 12.mai -22, der vi mottok appellar og historie, samt laga bilde informasjon og sitat, kan den lesast her:  https://www.fokuspame.no/12mai

02.06.22:  Fokus på ME har vore så heldig å fått dette flotte bilde av Kunstnar Kjersti Munkejord Lamb's kunst : «Verdifulle du!», som vi auksjoner via Facebook sida vår til høgstbydande over verdien på bilde kr 2995.

Auksjonen blir avslutta søndag 12. juni klokka 18. Legg igjen navn og bud, i kommentarfeltet på Facebook sida til 'Fokus på ME': 

https://www.facebook.com/fokuspame/photos/a.689965078122167/1449717978813536 

 

(om du ikkje har Facebook kan ein ta kontakt på tlf 92807780 og vi kan legge inn navn og bud). 

Del gjerne vidare dette innlegget, slik av flest mogleg får det med seg. Høgstbydande sum går uavkorta til ME-forskinga ved Haukeland, (forskingsgruppa leia av Dr. Fluge og Dr. Mella). 

 

Bilde:

Tekst: Det er kun en av deg. Du og deg og det du er. Verdifulle du!

Teknikk: Håndkolorert Gicleè trykk. (Først males et maleri med blandede teknikker der det brukes akrylmaling, stoffer, tapeter, tegneblyanter, tusjer og penner. Maleriet trykkes deretter på en metode som heter «Gicleètrykk». Kunstneren godkjenner prøvetrykk før det trykkes.​ Når trykkene er ferdige, bearbeider kunstneren hvert enkelt trykk med å tegne og male oppå trykket igjen. Alle trykk blir med andre ord unike. Trykket signeres som håndkolorert trykk signert.

Produksjonsår: 2022

Signert: Ja

Motivstørrelse: 21x29 cm (kunsttrykk uten ramme)

02.06.22: Fokus på ME har vore i kontakt med Forskningsrådet for å prøve å finne ut av kor mykje Staten løyver av økonomiske midlar til forsking på ME, og vi legge svaret i sin heilheit på heimesida som de kan lese her: https://www.fokuspame.no/statentildeling

Det hastar å prioritere biomedisinsk forsking og forhalde seg til WHO si klassifisering av ME, oppdatere retningslinjer og adekvat oppfølging- og behandlingtilbod basert på nyare biomedisinsk forsking. Vi trenge også ny runde med BEHOV-ME. Pasientar er alvorleg sjuke. Fokus på ME samlar inn pengar til biomedisinsk forsking. 

09.05.22: Masse fine produkt som vi har mykje igjen av. Ta kontakt på tlf 92807780, eller evt send e-post til fokuspame@gmail.com

Hervik saft, syltetøy og juice, 

Te i lausvekt frå Smak og behag.

 

Kaffe og 3 ulike eske med sjokoladetrøfler, Lakrissjokolade, krydder

Inntekt av kaffedugnad og trøfler, lakris, krydder går til ME-konferanse Stryn. Vippsnummer: 608998

Alt anna inntekt til organisasjonen Fokus på ME. Vippsnummer: 548006. Vi har dugnadssal til organisasjonen, for å skaffe nokre kroner til å drive organisasjonen Fokus på ME. Vi håpar mange støttar opp om dette. Hugs oppgje adressa di om det skal sendast. Vi sender etter posten sine takstar, kjøper betaler porto

Besøk heimesidene og sjå:

https://www.fokuspame.no/dugnadsaltilorganisasjonen

https://www.fokuspame.no/butikk

https://www.mekonferansestryn.no/stott-me-konferanse-stryn

13.04.22: Fokus på ME har mottatt ei videohelsing april 2022 frå legane ved Haukeland Universitetssjukehus. Den kan ein sjå under denne fana:  https://www.fokuspame.no/midlar-som-er-gjeve og på Facebook-sida vår.

13.04.22: Fokus på ME har mottatt ei gåve frå Sparebanken Vest sitt ildsjelfond på kr 17 500 for å drive organisasjonen. Det er veldig kjekt og betydningsfullt for organisasjonen vår og for at vi skal nå måla med å samle inn pengar til ME-forskinga ved Haukeland. 

Fjordingen har ein artikkel her, saka ligg bak betalingsmur: 

04.04.22: Fokus på ME si innsamling til ME-forskinga, i samband med 12.mai. 

Innsamla midlar skal gå til den viktige, banebrytande ME-forskinga ved Haukeland. Dette er ei forsking som har fått internasjonal merksemd, og det viktig å sikre at forskingsgruppa kan fortsette arbeidet. Det er også eit signal til Helsestyresmakter. 

 

Den internasjonale ME-dagen 12.mai: Den internasjonale ME-dagen 12. mai har vorte markert sidan 1992, for å skape merksemd og bevisstheit rundt sjukdomen. 12. mai er valt sidan det var fødselsdagen til sjukepleiar Florence Nightingale. I løpet av sitt arbeid under Krimkrigen pådrog Nightingale seg krimfeber. Ho vart aldri frisk att. Resten av sitt liv tvang sjukdom henne til å bli i sin heim, men målretta som alltid fortsette ho sitt arbeid frå sengekanten. Takka vere Florence Nightingale vart sjukepleie eit heiderleg yrke. Ulike kjelde meiner at det Florence Nightingale vart sjuk av, er det vi i dag kallar ME/CFS.    

 

Alle som støttar denne Spleisen som går til Fokus på ME vil automatisk få tilbod om å bli fast givar. Det er ei teneste Spleis har med Vipps. Derfor er dette ein viktig måte for Fokus på ME, å rekruttere faste givarar til ME-forskinga denne våren. Alternativt om du ikkje har vipps kan du opprette ein betalingsavtale i nettbanken din til Fokus på ME sitt kontonummer. Eventuelt kan ein bruke Paypal doner-knappen på heimesida vår: https://www.fokuspame.no/blifastgivar 

 

Link til Spleisen : https://www.spleis.no/me12mai22 

Del gjerne spleisen til flest mogleg i ditt nettverk, både privatpersonar og næringsliv. 

Det er også oppretta ei innsamling via Facebook sida vår.   

 

​04.04.22:  

Fokus på ME har gjeve kr 115 000 til forskingsgruppa ved Haukeland Universitetssjukehus. Totalt er kr 545 000 samla inn og gjeve til forskingsgruppa ved Haukeland. Tusen hjarteleg takk til kvar og ein, som har støtte med små og store beløp. Les meir i denne fana: https://www.fokuspame.no/midlar-som-er-gjeve

Besøk gjerne også vår Facebook-side: facebook.com/fokuspame

 

 

​04.04.22: Vi minner om Ullmax:  

Ullmax støttar foreiningar, ideelle lag og organisasjonar, basert på dugnad. Kort sagt: Eit kjøp fra Ullmax gjer alltid ein forskjell. Nettbutikk: https://shop.ullmax.com/no/group/fokuspame 

Ved å følge denne lenka over kan du gjere eit kjøp i nettbutikken på Ullmax, få varene direkte heim til deg og samtidig går 10 % av kjøpet ditt til vår ideelle organisasjon Fokus på ME, som treng støtte til å kunne drive organisasjonen. Der er fri frakt ved kjøp over 600 kr. 

24.03.22 

Kronikk av Agnete Skrede i Sunnmørsposten «ME er ei global Helsekrise» både på nett og i papiravisa 24.03.22. Temaet i kronikken er tatt opp i e-post til Helseminister Ingvild Kjerkol, og politikarar i Helsekomitéen, Arbeids - og Sosialkomitéen, Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttet fleire gongar. 

Psykologisk.no tok også inn kronikken 25.03.22: «Å vere ME-pasient i Norge er ein absurd situasjon å stå i» Link her: SMP.no

Og på Psykologisk.no

22.03.22: Kjøp ein påskepose og støtt organisasjonane

 

Påskepose 1: kr 1000

1 eske kryddertårn

1 eske lakriskuler

1 eske sjokoladetrøflar

1 cellofanpose med 1 pk vinternatt-te, svart aromatisert tilsatt appelsinskall, nellik, fennikel, knust kanel og krydderaroma. Bestselger på kalde vinterdager! og 1 pk grønn av misunnelse- te, Smaksatt med jordbær og appelsin. 

2 pakker kaffi (ME-konferanse Stryn) , skriv ønske filter eller bønner

 

Påskepose 2: kr 600

​2 pk kaffi (ME-konferanse Stryn) , skriv ønske filter eller bønner

1 eske sjokoladetrøflar ELLER 1 eske lakriskuler (Skriv ønske)

1 eske kryddertårn: PS: vi beklager at kryddertårn har falle ut av det som har vore publisert her tidlegare og dessverre også i fana på heimesida - oppdaga det akkurat no

 

Påskepose 3: kr 500

Cellofanpose som innheld:  

1 pk vinternatt-te, svart aromatisert (Svart te fra Assam og Sri Lanka tilsatt appelsinskall, nellik, fennikel, knust kanel og krydderaroma. Bestselger på kalde vinterdager! 

1 pk «Hawaii Sunraise» -te, svart aromatisert (Kina/Ceylon teblanding tilsatt

papaya, ananas, aroma og fargerike blomster. En av våre bestselgere gjennom mange år.) 

1 pk «grønn av misunnelse»- te, grønn aromatisert (Nydelig teblanding av
sencha, formosa oolong, kamilleblomst og solsikke. Smaksatt med jordbær og appelsin).

1 eske sjokoladetrøflar ELLER 1 eske lakriskuler (Skriv ønske)

 

Påskepose 4: Hervik kr 575

Ein pakke med 4 flaske appelsinjuice og 2 flaske eplejuice

Ein pakke med 3 flaske saft, inneheld: 0,5 l Rips; Solbærsaft , 0,5 l Rips;

Bringebærsaft, 0,5 l Villblåbærsaft

Ein pakke med 3 glas lettsyltetøy uten kunstig søtning. Inneheld: 320 g Jordbærsyltetøy naturleg lett, 320 g Bringebær- og Ripssyltetøy naturleg lett, 320 g Kiwi; Eplesyltetøy naturlig lett

 

Les meir under desse fanene:

https://www.fokuspame.no/dugnadsaltilorganisasjonen

https://www.fokuspame.no/butikk

https://www.mekonferansestryn.no/stott-me-konferanse-stryn

22.03.22: Fokus på ME si side er oppdatert på Spleis. Spleis har endra ein del funksjonar, og gjort tilgjengeleg fleire moglegheiter for organisasjonar uten at organisasjonen må betale ekstra for det. Så no er det mogleg å rekrutere faste givarar gjennom å opprette ein Spleis til Fokus på ME. Alle som støttar ein Spleis som går til Fokus på ME vil automatisk få tilbod om å bli fast givar. Det er ei teneste Spleis har med Vipps.

 

Fokus på ME har tre malar i Spleis, for å gjere det enkelt å opprette innsamling til ME-forskinga:

  •  Min Bursdagsspleis til forsking på ME

  •  Støtt forsking på ME

  •  Gå turen for 'Fokus på ME'

Dersom ein ønskjer å bruke malane som er laga, ligg der både bilde, overskrift, tekst/beskrivelse av spleisen som ein kan velje å bruke. Dette kjem fram om ein trykker på start ein spleis. Del gjerne vidare, slik at vi når flest mogleg. 

https://www.spleis.no/fokuspame

10.02.22: Morsdag - Fokus på ME oppretta ei innsamling til ME-forskinga for å heidre og rette fokus på alle mødre som er berørt av ME i familien, i samband med morsdag søndag 13.februar. Teksten kan ein lese her:

Facebook: https://www.facebook.com/donate/693436538360140/1369841166801218 

​Vippsnummeret til Fokus på ME er 548006, kontonummer: 3705 37 44029 

 

ME er ein sjukdom som samfunnet ikkje tar alvorleg sjølv om vi er starta 2022. Det er ingen tvil om at ME er ein invalidiserande sjukdom. Det er ein sjukdom som har store konsekvensar for den enkelte, pårørande og samfunnet. - Du kan lese meir her.

I samband med morsdag har vi fått nokre mødre til å fortelje korleis det er å vere mor og pårørande med datter/son som har ME (vi ønska å fokusere på dei som er berørt av alvorleg ME i familien, og ulike landsdelar), møte med offentlege teneste og viktigheita av forsking, som vi kunne dele på 'Fokus på ME' si side. ‘Fokus på ME’ takkar dei som har skrive. Vi veit det kostar mykje, når totalbelastninga er så krevande. Her kan du lese desse sterke historiene, og vi håpar mange tek seg tid å lese her

 

10.02.22:  Masse fine produkt, både til deg sjølv, og i gåve. Det nærmar seg morsdag. Her kan ein samtidig støtte ei god sak. Vi har kjempa for ME-saka lenge, både gjennom Fokus på ME og ME-konferanse Stryn. Heimesidene våre er oppdatert. Tips gjerne andre som kan ha interesse.

Alle bilde og informasjon ligg under desse fanene: 

https://www.fokuspame.no/dugnadsaltilorganisasjonen 

https://www.fokuspame.no/butikk 

 

https://www.mekonferansestryn.no/stott-me-konferanse-stryn 

 

Hugs at du kan handle på Ullmax og samtidig støtte Fokus på ME med 10 % om du handlar i webshop, få varene direkte heim til deg. Nettbutikk: https://shop.ullmax.com/no/group/fokuspame 

 

Ved bestilling, send gjerne sms Ester Anny tlf 92807780. Hugs oppgje adressa di. Vi sender etter posten sine takstar, kjøper betaler porto.

16.01.22: Ullmax støttar foreningar, ideelle lag og organisasjonar, basert på dugnad. Kort sagt: Eit kjøp fra Ullmax gjer alltid ein forskjell. Nettbutikk: https://shop.ullmax.com/no/group/fokuspame 

Ved å følge denne lenka over kan du gjere eit kjøp i nettbutikken på Ullmax, få varene direkte heim til deg og samtidig går 10 % av kjøpet ditt til vår ideelle organisasjon Fokus på ME, som treng støtte til å kunne drive organisasjonen. Del gjerne denne lenka vidare til å nå slekt og vennar av deg. Vi håpar mange nyttar seg av dette.  

Om du ikkje har linken og handla i webshopen på Ullmax sine sider vil du uansett kunne gjere eit aktivt val når du kjem til kassa. Då står dei ei melding om at Ullmax støttar foreningslivet og du søke enkelt opp Fokus på ME, og vi får 10 % av kjøpet i forteneste utbetalt får Ullmax.  

Alternativ 2: Fokus på ME får 30 %. -  Les meir i fana dugnad til organisasjonen: https://www.fokuspame.no/dugnadsaltilorganisasjonen 

 

 

16.01.22: Kanskje du ønskjer å bli fast givar til ME-forskinga, gjennom organisasjonen Fokus på ME? Vi fører over pengar til ME-forskinga ved Haukeland Universitetssjukehus kvart kvartal. Tips gjerne dei de trur kan ha interesse. Om de skulle bli aktuelt å støtte andre forskingsprosjekt blir dette informert om i forkant av neste overføring. 

09.01.22:  Fokus på ME har gjeve kr 75 000 til forskingsgruppa ved Haukeland Universitetssjukehus. Totalt er kr 430 000 samla inn og gjeve til forskingsgruppa ved Haukeland. Tusen hjarteleg takk til kvar og ein, som har støtte med små og store beløp. Les meir i denne fana: https://www.fokuspame.no/midlar-som-er-gjeve

Besøk gjerne også vår Facebook-side: facebook.com/fokuspame

Del gjerne informasjon med vener og kjende.

 

 

09.01.22: OPPRETTE PERSONLEG INNSAMLING TIL ME-FORSKINGA? 
Om du har noko å feire, spesiell anledning, eller berre vil glede nokon, så er det mogleg å opprette personlege innsamlingsaksjonar til biomedisinsk forsking via Fokus på ME. Ein mulighet både på Facebook og Spleis.  Kanksje nokon ønskjer å bli fast givar til ME-forskninga, gjennom organisasjonen Fokus på ME ? Vi fører over pengar til ME-forskinga ved Haukeland Universitetssjuehus kvart kvartal. Tips gjerne dei de trur kan ha interesse

 

09.01.22: Fokus på ME sitt nyttårsønske har BA - Bergens Avisa sett inn i papirutgåva i dag, side 13.

Avisa Firda  har også bekrefta å ta det inn i løpet av komande dagar. Takk til desse avisene for at dei tar inn leserinnlegget, som er skrive av Agnete Skrede.

Denne teksten er også sendt Helseminister Ingvild Kjerkol, politikarar i Helse- og Omsorgskomiteén, Arbeids- og sosialkomiteén, ordførarar i Nordfjord, Sunnfjord og Sogn, og politikarar på Fylkestinget i Vestland, samt politikarar vald for å representere Sogn og Fjordane på Stortinget.  

09.01.22: Fokus på ME mottok kr 3377 på nyttårsafta frå "pasientar og pårørande frå Si det ME en blomst. Vi ønskjer å seie tusen takk for det. 

 

Påskepose.jpg
bottom of page