top of page

Formål med ’Fokus på ME’  er å samle inn pengar til biomedisinsk forsking på ME i Noreg, i første omgong til Haukeland Universitetssjukehus, Avdeling Kreftbehandling og medisinsk fysikk, forskingsgruppa leia av Olav Mella og Øystein Fluge. Organisasjonen «Fokus på ME» har også som formål å spreie kunnskap om ME.

 

ME er ein av dei mest invalidiserande sjukdomane som er kjend, men likevel er dei statlege midlane til forsking på denne sjukdomen svært låge. Bakgrunnen for at organisasjonen ’Fokus på ME’ er at den er starta, er i håp om at ein kan samle inn pengar og kunne bidra til forskingsarbeidet.

 

Helse-Bergen ligg i vår eigen region og dette er ei forsking som har fått internasjonal merksemd. Gjennom dei kliniske studiane er der opparbeida ein solid biobank med prøvemateriale. Forskingsgruppa ved Haukeland har sagt at dei ønskjer å fortsette si forsking på å forstå den underliggande sjukdomsmekanismen og leite etter ein biomarkør, i håp om å finne ei behandling.

 

Denne organisasjonen har Agnete jobba med og tenkt på i fleire år. For å realisere dette, har ho vore avhengig av god støtte som enkelte har vore med å bidratt til, blant anna med hjelp til heimeside, ulike telefonsamtale m.m. Vi håpar alle som har mulighet vil vere med å støtte opp økonomisk om ME-forskinga. Dette er ennå eit svært underfinansiert forskingsområde. 

Agnete har vore aktiv idrettsjente og ein aktiv langrennsløpar. Ho har hatt eit langt og flukterande sjukdomsforløp lenge før ho fekk diagnosen i 2011. Då hadde ho utvikla alvorleg grad av ME og kunne ingenting om sjukdomen. Sidan har ho kjempa hardt for ME-saka dei siste 6-7 åra

Organisasjonsnummeret til «Fokus på ME» er 921834640

 

Styret: Skal ha minst 3 medlemmar og maks 5 medlemmar. Alle medlemmane må ha litt kjennskap til sjukdomen, og det skal vere ei oppfatning om at midlane skal gå til biomedisinsk forsking på ME i Noreg, som definert over.

Postadresse til Fokus på ME: 

Fokus på ME

c/o Agnete Skrede

Nordfjordvegen 784

6783 Stryn 

bottom of page