top of page
ME_logo_kvadratisk_13.11.2018.png

NY​HENDE

 

22.12.21: TUSEN TAKK, VÅRT JULEØNSKE OG GOD JUL.

Vi ønskjer å seie tusen hjarteleg takk til alle som har støtta

Fokus på ME dette året.

Fokus på ME ønskjer alle ei God Jul. Eller iallefall bra som den kan bli utifrå den enkelte sin situasjon. Med ein alvorleg, kronisk og invalidiserande sjukdom som ME er, som er der absolutt heile tida i større eller mindre grad , så seier det seg sjølv at det kan vere veldig tøffe dagar. Det gjeld både for den som er ramma, men også dei pårørande rundt. Vi håpar ein kanskje kan bruke litt tid på å forsøke å sette seg inn i kunnskap om ME, og vise omtanke og sjå sine medmenneske som kanskje ikkje har det så veldig bra. - Vise eit samfunn med rausheit. 

 

Jula kan vere ei vanskeleg tid for den som er ramma av ME og familien rundt. ME-sjuke klarar kanskje ikkje delta i sosiale aktivitetar og andre ting ein ønska gjere. Kanskje kan ein berre vere lag med andre ei lita stund, og få ei forverring i etterkant. Nokon er så hypersensitiv for sansestimuli at det kanskje ikkje kan vere lys på treet og lysande julestjerne i det rommet ein ME-sjuk oppheld seg. Lukt av  krydder, parfyme og andre lukter kan bli uuthaldeleg om ein er hypersensitiv. Filter for sansestimuli synes å vere fjerna slik at alt av sansestimuli blir mange gongar forsterka. Stansestimuli kan utløyse ei rekke reaksjonar i kroppen, som opplevast som smerte, utløyse spasmer og alt er veldig komplekst. Nokon er på grunn av alvorleg ME, åleine år etter år etter år. 

 

Verda er framleis i ein pandemi-situasjon med koronaviruset som har tatt mange menneskeliv, og samstundes er samfunnet endra dramatisk og kvardagen for flest er endra. Korleis trur ein at ME-pasientar som kanskje ikkje har vore med i samfunnet på fleire år har det? Det er blytungt at åra går, og at forståinga og støtta frå både fagmiljø og samfunnet er framleis veldig låg. Kva betyr Verdas helseorganisasjon for Noreg? - Det er over 50 år sidan WHO klassifiserte ME som ein nevrologisk liding. Behandlinga av ME-pasientar er eit spørsmål om grunnleggande menneskerettar.

 

Vårt juleønske er nettopp at forståinga skal auke, at dei økonomiske midlane til forsking må aukast. Vi ønskjer og håpar at 2022 verte eit godt år for alle ME-pasientar og deira pårørande. La det kome lyspunkt. Vi må få hjelp og lindring. Vi må få tryggleik i alle ledd i helsetenesta og i møte med andre etatar. Vi ønskjer at ME-pasientar verte møtt med forståing og respekt av fagfolk, slik at ein kan få den hjelpa ein treng.

 

Fokus på ME er ein liten organisasjon som samlar inn pengar til ME-forskinga ved Haukeland Universitetssjukehus. Om du kjenner nokon som har ME eller pårørande til ME-sjuke, kanskje du ønskjer gje dei ei gåve til biomedisinsk forsking til Jul? Vippsnummeret til Fokus på ME er 548006. Les meir på Facebook-sida og heimesida vår www.fokuspame.no

 

Gi av di tid: 

ME-konferanse Stryn er ein eigen organisasjon og om du gjekk glipp av konferansen som vart arrangert i april, er video av nokon foredrag tilgjengeleg for alle på YouTube-kanalen. Nokon fleire vil kome i løpet av næraste dagar. Desse som er delt er i samråd med dei som heldt foredraga. www.mekonferansestryn.no 

29.11.21: Fokus på ME har mottatt kr 2000 i gåvedonasjon frå Markane IL. Dette vart bestemt etter eit styremøte i november, og vi sjølvsagt glad over at vi fekk denne gåva. Tusen hjerteleg takk til Markane Idrettslag og styret.​ 

 

29.11.21: Lillian Rosø frå Bryggja i Nordfjord, har måla måleri og fått dei utstilt på Didriks Kafe & Gaver a/s på Nordfjordeid. Måleria har vore til salgs i heile haust. Lillian ønska at pengane som kom inn på salet skal gå uavkorta til ME-forskinga ved Haukeland.​ Vi mottok kr 6000 i slutten av november, så takk til Lillian Rosø, alle som kjøpt og takk til Didriks Kafé for utstilling. 

 

08.11.21: Fokus på ME sin juleinnsamling/kampanje til ME-forskinga ved Haukeland. 

Fokus på ME vil i år opprette innsamling både gjennom Spleis og på Facebook.
Vi håpar mange vil støtte opp om den, og dele vidare. 
 

Link til Spleis: http://spleis.no/fokuspamejul

Link til Facebook: https://www.facebook.com/donate/277408424304522/​
Vippsnummer til Fokus på ME er 548006.

08.11.21:  

MARKNAD: Laurdag 13. november på Skogstjerna i kjellarstova kl 13.

NB! Sjølv om samfunnet er opna att, må vi fortsatt vere forsiktige mtp. Covid19, og derfor blir det ikkje sjølvbetening.  

Masse fine produkt, både til deg sjølv, og i gåve. Det nærmar seg farsdag og jul. Her kan ein samtidig støtte ei god sak. Vi har kjempa for ME-saka lenge. Heimesidene vår er oppdatert. Tips gjerne andre som kan ha interesse. 

 

Kaffe frå Mikel´s Kaffeverksted og 3 ulike eske med sjokoladetrøfler, Lakrissjokolade, krydder frå Gourmetfabrikken. Inntekt av kaffedugnad og trøfler, lakris, krydder går til ME-konferanse Stryn. Vippsnummer: 608998

Alt anna inntekt til organisasjonen Fokus på ME. Vippsnummer: 548006. Vi er takksam for gåvedonasjonar til ME-forskinga. Vi har dugnadssal til organisasjonen, sia det har ikkje vore mogleg å få sponsorstøtte til Fokus på ME.

Bestill gjerne ved å ta kontakt på sms 92807780, hugs oppgi adressa di. Vi sender etter posten sine takstar, kjøper betaler porto (med unntak av Adventskalenderer som kostar kr 100 inkl. porto).

Besøk heimesidene og sjå: 

 https://www.fokuspame.no/dugnadsaltilorganisasjonen

 https://www.fokuspame.no/butikk

 https://www.mekonferansestryn.no/stott-me-konferanse-stryn

07.10.21: 

Fokus på ME har gjeve kr 30 000 til forskingsgruppa ved Haukeland Universitetssjukehus. Totalt er kr 355 000 samla inn og gjeve til forskingsgruppa ved Haukeland. Tusen hjarteleg takk til kvar og ein, som har støtte med små og store beløp. Les meir i denne fana: https://www.fokuspame.no/midlar-som-er-gjeve

Besøk gjerne også vår Facebook-side: facebook.com/fokuspame

Del gjerne informasjon med vener og kjende.

 

 

07.10.21: Vi har 11 cellofanposar (i midten av oktober), med te i lausvekt og karamellar , frå nettbutikken Smak og Behag i Bodø. Cellofanpose som inneheld følgande til kr 270: 

1 pk jule-te (Herlig blanding av indisk og kinesisk svart te. En te som varmer i de kalde vinternetter. Tilsatt nydelig arom som kanel, nellik, appelsin, fenikkel og krydderaroma.) 

1 pk "Grønn av misunnelse"- te (Nydelig teblanding av sencha, formosa oolong, kamilleblomst og solsikke. Smaksatt med jordbær og appelsin). 

1 pk fløytekaramellar. 

 

 

​07.10.21: Fokus på ME velje å selge adventskalenderen beskrive under i år, til kr 100 (porto er inkl.i den prisen): 

Adventkalenderen «Advent for alle» - Dette er ingen vanleg julekalender. 

 

«I stedet for en tradisjonell gave skjuler hver luke en god gjerning. Noen kroner fra deg til noen som trenger dem enda mer. Vi håper du – eller den du gir kalenderen til – får glede av å våkne opp, åpne opp og finne ut hvilken organisasjon som får litt ekstra støtte den dagen. Du slipper å velge ett formål. I stedet er du med å kjempe for helse, natur, utdanning og menneskerettigheter – og mot krig, sult og fattigdom. 

For 179 kr (5 kr til hver) eller 299 kr (10 kr til hver) støtter du 24 humanitære organisasjoner. 

NYTT I ÅR: En kalender (75 kr) som ikke inkluderer donasjoner, men som lades i etterkant med et valgfritt beløp ved å vippse til et nummer som står på baksiden av kalenderen. Perfekt som gave til den som har alt, eller til den som heller vil gi enn å få». https://adventforalle.no  

 

Fokus på ME : Fokus på ME velje å selge denne adventskalenderen i år til kr 100 (porto er inkl.i den prisen), så er det opp til kjøparar å vippse til nummer på baksida av kalenderen. ‘Fokus på ME’ har ikkje eiga luke i år, men på ein av adventsdagane feira ein «Giving Tuesday» - givargleda sin dag.

Då kan kjøparane av kalenderen velje organisasjon som ein støtte ved å scanne QR-koden som skjuler seg bak luka i kalenderen, evt. gå til nettsida adventforalle.no.

Blant organisasjonar ein kan velje denne dagen er ‘Fokus på ME’.  

Vi er takksam for dei som velje ‘Fokus på ME’ på «Giving Tuesday». Om du ønskjer støtte Fokus på ME finn du både gåvedonasjonsmuligheit og fine julegåve, på heimesidesida www.fokuspame.no, og Facebook -sida vår.

 

12.08.21: Velkomen til digital basar og marknad, trekning 12.sept kl.16

Vi håpar mange støttar opp om dette arrangementet, og kjøper lodd.

Alt overskot går til biomedisinsk forsking på ME. Fokus på ME meinar det er viktig å støtte opp om den viktige biomedisinske forskinga vi har i Noreg, og sette søkelys på mangelen på økonomiske midlar. 

Les meir i denne fana: ​nye fana basar 12.sept 21

 

Ein palle med Hervik saft, syltetøy og juice kom i starten av august 2021, samt har vi att ein del Salva sokkar og huer.

Kjøp ved å sende sms til 92807780 (Ester Anny).

 

Om du ønskjer støtte biomedisinsk forsking, så er det fleire muligheiter for det. Du kan opprette ein personeleg innsamling t.d både gjennom Spleis.no/org/4384 eller Facebook side vår: Facebook.com/fokuspame

All gåvedonasjon går uavkorta til biomedisinsk forskning på ME. 

21.07.21: Nfoto på Breim blir samarbeidspartner med Fokus på ME, slik at både privatpersonar og bedrifter kan bestille personlege kort med sine foto, perfekt for takkekort, julekort osv., samt drikkeflaske/termoflaske med eigne personlege bilde, og samtidig støtte ei veldig god sak. Fokus på ME samlar inn pengar til biomedisinsk forsking på ME i Noreg. Nfoto er ei lokal bedrift på Breim. Dei produserer i Noreg, og tar alt av utsending for oss. Ein bestille i nettbutikken deira ( lenke kjem når dei har lagt de opp for oss). Vi håpar det blir klart i nettbutikken til Nfoto etter ferien, i august. Vi håpar mange nyttar seg av dette.

Hervik saft, syltetøy og juice får vi inn ein palle i starten av august. Inntekt går til organisasjonen Fokus på ME. Vi har rikeleg med Salva sokkar i gåveeske. Bestilling ved å sende sms 92807780 evt. skriv e-post på fokuspame@gmail.com. (Vi svarar så raskt som vi har moglegheit). Vi kan sende i posten, Norgespakken kostar kr 150.

 

Les meir i fana dugnad til organisasjonen her: https://www.fokuspame.no/dugnadsaltilorganisasjonen    

 

ME-konferanse Stryn: 

 

Kveldsforedraga frå ME-konferanse Stryn; Ola Didrik Saugstad og Jørgen Jelstad blir snart tilgjengeleg på YouTube med engelsk undertekst.

Dette kosta sjølvsagt litt ekstra, så om nokon ønskjer å støtte ME-konferanse Stryn med ei lita gåve er vi takksam for det. Vippsnummeret er 608998. Vi har dugnadssal av cellofanposar med sjokoladetrøflar og lakriskuler; dei kosta kr 250. - Kaffi både filtermalt og heile kaffebønner, frå Mikels kaffeverksted, ferskbrent 18.juni; 4 posar á 250 gr. til kr 500. Send sms 92807780. Norgespakken kostar kr 150. https://www.mekonferansestryn.no/eveninglectures

04.07.21: Fokus på ME har gjeve kr 25 000 til forskingsgruppa ved Haukeland Universitetssjukehus. Totalt er kr 325 000 samla inn og gjeve til forskingsgruppa ved Haukeland. Tusen hjarteleg takk til kvar og ein, som har støtte med små og store beløp. Les meir i denne fana: https://www.fokuspame.no/midlar-som-er-gjeve

Besøk gjerne også vår Facebook-side: facebook.com/fokuspame

Del gjerne informasjon med vener og kjende.

 

ME-konferanse Stryn er ein eigen organisasjon, men om du ikkje allereie har sett videoen vi fekk med intervju av Kristian Sommerfelt, Ingrid Gurvin Rekeland og Øystein Fluge kan du sjå den her:  https://www.mekonferansestryn.no/filminterviewenglishsubtitles

04.06.21: 12. og 13. juni er det Kunst i gata i Stryn. Fokus på ME v/Ester Anny kjem til å vere tilstades ute på Per Bolstad plass i laurdagen 12. juni (litt usikker ang. søndagen), med veggur og postkort som har motiv måla av Kunstnar Solveig E. Hopland. Alt overskot av desse går til ME-forskinga. I tillegg vil vi ha med lynlotteri for ME-forskinga. Vi vil ta hensyn til smittevern og kjem til å ha bord med plexiskjerm/ beskyttelsesskjerm. Sjå veggur og postkort m.m her : https://www.fokuspame.no/butikk

 

Om du ønskjer å støtte forskinga les meir i menyen. Fokus på ME meina det er viktig å støtte den biomedisinske forskinga vi har i Noreg. Innsamla pengar blir overført til forskarar kvart kvartal. Del gjerne informasjon med dine vener. https://www.fokuspame.no/stott-fokus-pa-me

 

​Vi ønskjer at dei beløpa som blir donert som gåve skal gå uavkorta til ME-forskinga. Derfor sel vi salva sokkar og Hervik saft, syltetøy og juice til inntekt for organisasjonen, (utgifter til å halde på domenet for heimesida, marknadsføring og marknadsføringsmateriell som plakatar, brosjyre osv. rekneskap m.m). 

Vi har rikeleg med Salva sokkar i gåveeske. Hervik saft, syltetøy og juice rekna vi med bestille inn i juni/juni, og selge i sommar/tidleg haust. Bestilling ved å sende sms 92807780 evt. skriv e-post på fokuspame@gmail.com. (Vi svarar så raskt som vi har moglegheit). Vi kan sende i posten, norgespakken kostar kr 150.

 

Les meir i fana dugnad til organisasjonen her: https://www.fokuspame.no/dugnadsaltilorganisasjonen    

 

​Når det gjeld ME-konferanse Stryn har vi att 6 cellofanposar med sjokoladetrøflar og lakriskuler dei kosta kr 250. Vippsnummer til ME-konferanse Stryn er 608998. For å dekke inn nokre utgifter sel vi kaffi på bestilling i sommar. Send sms 92807780. Meir informasjon om konferansen, kjem på www.mekonferansestryn.no Det blir blant anna jobba med å lage ein engelsk oversetting av rapporten, og tekste filmen med intervju av foredragshaldarane frå Bergen med engelsk undertekst. 

31.03.21: Fokus på ME ønskjer god påske. 

31.03.21: Innsamling på Facebook i samband med den internasjonale ME-dagen 12. mai er oppretta, link finn ein her: https://www.facebook.com/donate/205888744637919/ 

 

​Elles finn ein all informasjon i menyen om ein ønskjer støtte Fokus på ME og innsamling til biomedisinsk forsking.

Vi ønskjer at alt som blir gitt i gåvedonasjonar gjennom både facebook, vipps, spleis, direkte på kontonr. skal gå uavkorta til forskinga.

Derfor sel vi dugnadsprodukt, som Salva. Vi har rikeleg med både bambussokkar, ullsokkar og hue både til dame og herre. I tillegg har vi nokon ankelsokkar.

Bestilling ved sende sms 92807780 eller fokuspame@gmail.com

25.03.21: Fokus på ME har gjeve kr 30 000 til forskingsgruppa ved Haukeland Universitetssjukehus. Totalt er kr 300 000 samla inn og gjeve til forskingsgruppa ved Haukeland. Tusen hjarteleg takk til kvar og ein, som har støtte med små og store beløp. 

05.02.21: Veggur i glas med motiv måla av Kunstnar Sovleig E. Hopland. I tillegg til dei 5 motiva vi kjøpe vi inn tre nye motiv med landskapsbilde. Veggura kostar kr 600 per stk.

 

Morsdag, bursdag, eller til deg sjølv? 

- Kjøp ei gåve med meining og støtt vår hjartesak med innsamling av økonomiske midlar til biomedisinsk forsking. Det er mogleg å opprette personlege innsamlingar både på Facebook og spleis. Sjå informasjon i fanene i menyen.  

Vi har rikeleg med salva ullsokkar. Til dame har vi Kolsås merinoull (dei stripete, og tjukkaste) str 36-40. Til herre har vi både Kolsås merinoull, og Skåla merinoull str 41-45. Bambussokkar har vi både til dame og herre. Vi har merinoullhue med reflekstrådar både til vaksne og barn. Dei kostar kr 250 per eske.  Vi har alt som ligg i fana butikk. 

 

​ME-konferanse Stryn er ein eigen ideell organisasjon. 

Det er framleis mogleg også å kjøpe kaffi og sjokoladetrøflar/lakriskuler utover vinteren og støtte ME-konferanse Stryn. Desse tek vi opp forhandsbestilling på framover. https://www.mekonferansestryn.no/stott-me-konferanse-stryn

 

Bestilling helst ved å sende sms til 92807780, evt. e-post fokuspame@gmail.com

08.01.21: Kr 20 000 er gjeve til forskingsgruppa ved Haukeland Universitetssjukehus januar 2021. Totalt har Fokus på ME samla inn kr 270 000 og gjeve til forskingsgruppa ved Haukeland.

Tusen takk til kvar og ein som har støtta oss. Les meir i fana midlar som er gjeve: https://www.fokuspame.no/midlar-som-er-gjeve

05.01.21: Per no har vi rikeleg med gåvepakningar med salva sokkar og hue til kr 250/stk. Hervik-produkta er vi per no utseld for. Vi har kortstokkar, postkort og veggur med motiv måla av Sovleig E. Hopland, m.m. Det er mogeleg vi får inn nokre fleire motiv utover vinteren/våren.  

 

Vi legg inn informasjon om Kaffe frå Mikel´s Kaffeverksted og gåveposar med sjokoladetrøfler/Lakris, som vi fortset å selge framover. Inntekt av kaffi og trøfler/lakris går til ME-konferanse Stryn. ME-konferanse Stryn er registrert i Brønnøysund. 

 

Les meir om Fokus på ME i menyen, og del gjerne informasjon vidare. 

https://www.fokuspame.no/dugnadsaltilorganisasjonen

https://www.fokuspame.no/butikk

31.12.20: NYTTÅRSHELSING: 

Fokus på ME ønskjer alle eit Godt Nyttår. Tusen hjarteleg takk til alle som har støtta Fokus på ME dette året. Siste dag i 2020, og for alle ME-pasientar som kjenner smerte av rakettar som smell, så ønskjer og håpar vi at nyttårsrakettane ikkje skal bli for mange og for ille.

 

Verda er framleis i ein pandemi-situasjon med koronaviruset som har tatt mange menneskeliv, og samstundes er samfunnet endra dramatisk og kvardagen for flest er endra. Korleis trur ein at ME-pasientar og andre kroniske sjuke som gjerne ikkje har vore med i samfunnet på fleire år har det? - Til ettertanke.

 

Vi ønskjer og håpar at 2021 verte eit godt år for alle ME-pasientar og deira pårørande. La det kome lyspunkt. Vi må få hjelp og lindring. Vi må få tryggleik i alle ledd i helsetenesta og i møte med andre etatar. Vi ønskjer at dei økonomiske midlane til biomedisinsk forsking verte auka, samt at ME-pasientar verte møtt med forståing og respekt av fagfolk, slik at ein kan få den hjelpa ein treng.

 

Kva betyr Verdas helseorganisasjon for Noreg? - Det er over 50 år sidan WHO klassifiserte ME som ein nevrologisk liding. Behandlinga av ME-pasientar er eit spørsmål om grunnleggande menneskerettar.

 

Fokus på ME er ein liten organisasjon som samlar inn pengar til ME-forskinga ved Haukeland Universitetssjukehus. Om du ikkje har sett videoen vi fekk frå legane Olav Mella og Øystein Fluge før jul, så ligg den på fana: 'Midlar som er gjeve'. 

13.12.20: Du kan bli ein#julebordhelt i år også. På sida www.julebordshelt.no er det samla fleire veldedige organisasjoner, og med på denne lista finn ein også no 'Fokus på ME'. Tips gjerne di bedrift om dette flotte initiativet.

 

«2020 har vært et tøft år for mange. Men likevel er det mange bedrifter som ikke har fått inntektene sine påvirket, og som nå står i en posisjon der de faktisk sparer ganske mye penger på å ikke avholde julebord i år».  

 

EN ENKEL IDÉ FOR Å BLI ÅRETS #JULEBORDHELT: 

«Gi bort julebordet og gjør en STOR forskjell i MANGE menneskers liv denne jula! Gi bort hele eller deler av det du sparer på ikke å ha julebord i år, til en sak du bryr deg om. Du og dine ansatte blir umiddelbart årets #julebordhelt!» https://www.julebordhelt.no/velg/ 

09.11.20: Fokus på ME har fått ein videohelsing frå legane ved Haukeland Universitetssjukehus, sjå videoen her: https://www.fokuspame.no/midlar-som-er-gjeve

 

 

09.11.20: Fokus på ME har i år som i fjor oppretta julekampanjen med innsamling til biomedisinsk forsking på ME. I år er den innsamlinga oppretta via facebook-sida vår: 

https://www.facebook.com/donate/697305410901244/

 

Pengane vil bli gitt til forskingsgruppa ved Haukeland Universitetssjukehus. Vippsnummeret vårt er 548006. Alle bidrag hjelper, på førehand tusen takk for di støtte!

Det er sendt informasjon i brev til kommunar og ordførarar i Nordfjord, Sunnfjord og Sogn, i håp om at kommunar ønskjer å støtte opp.

25.10.20: Det nærmar seg farsdag og jul, kanskje du ønskjer å støtte Fokus på ME? Per no hausten 2020 har vi rikeleg med gåvepakningar med salva sokkar og hue. Hervik-produkta er vi per no utseld for. For dei som ønskjer å kjøpe desse kan de sende oss bestilling, så om vi får nok bestillingar kan vi kjøpe inn Hervik i november. Vi har kortstokkar, kort og veggur med motiv måla av Sovleig E. Hopland, m.m. 

 

Vi legg inn informasjon om Kaffe frå Mikel´s Kaffeverksted og gåveposer med sjokoladetrøfler og Lakris (dei har vi 40 poser av) som vi sel no før farsdag 2020 og framover. Inntekt av kaffedugnad og trøfler/lakris går til ME-konferanse Stryn. ME-konferanse Stryn er registrert i Brønnøysund. 

 

Vi kan bringe til Randabygda/Hopland fredag 6. november og i Markane, Kjøs og Svarstad/Faleide 7. november. Eventuelt kan ein avtale å hente i Stryn. Les meir i fanene her: 

https://www.fokuspame.no/dugnadsaltilorganisasjonen

https://www.fokuspame.no/butikk

13.10.2020: Kr 50 000 er gjeve til forskingsgruppa ved Haukeland Universitetssjukehus oktober 2020. Totalt har Fokus på ME samla inn kr 250 000 og gjeve til forskingsgruppa ved Haukeland. Tusen takk til kvar og ein som har støtta oss. Les meir i fana midlar som er gjeve: https://www.fokuspame.no/midlar-som-er-gjeve

 

I slutten av august fekk vi denne meldinga frå forskingsgruppa: «I år har vi som alle andre hatt utfordringer på grunn av COVID19-restriksjoner, både på sykehus og universitet, og det har gjort tilgang til laboratorier og muligheten for å hente inn forskningsdeltakere vanskelig i noen måneder. Men vi er nå i full gang igjen med både metodeutprøving, biobankprøver og labstudier, og arbeider videre med å legge det vitenskapelige grunnlaget for nye kliniske studier».

 

Fokus på ME fortsette å samle inn pengar til forskingsgruppa ved Haukeland, og pengane som blir samla inn blir overført kvart kvartal.

10.08.20: Agnete Skrede har skrive ein kronikk som kan lesast i papirutgåva 08.08.20 og på nettsida til Firda 10.08.2020. Vi har lagt inn link under fana media her: https://www.fokuspame.no/media

03.07.20: Fokus på ME er registrert slik at det no skal vere mogeleg å opprette innsamlingsaksjon via facebook.

03.07.20: Dugnadsinnspurt sal Hervik-produkt, te m.m

Ta kontakt enten på telefon 92807780 (Ester Anny) send gjerne sms, eller eventuelt på e-post: fokuspame@gmail.com, Om ein ønskjer gje ei gåve og støtte ME-forskinga vipps til 548006, elles ligg all informasjon i fana til venstre. Del gjerne vidare heimesida vår www.fokuspame.no

Besøk gjerne sida på facebook.com/fokuspame

 

Hervik: 

2 stk igjen av dei største pakkane, inneheld (0,5 l Lett Blåbær & Solbærsaft, 0,5 l Ripssaft, 0,5 l Bringebærsaft, 0,5 l Rips & Bringebærsaft, 375 g Jordbærsyltetøy, 390 g Bringebærsyltetøy, 375 g Plommesyltetøy, 400 g Appelsin & Gulrotmarmelade, 400 g Ripsgelé ) kr 380

Te, kakao/marshmallow

1 stk igjen av Cellofanpose med 4 pakkar te à100 gram, grønn aromatisert te: blåbærte og grønn av misunnelse, svart aromatisert te: krydderte og 'himmelblå'-te: kr 340

2 stk igjen av Cellofanpose med 2 pakkar svart aromatisert te à 100 gram kr 170

2 stk igjen av Cellofanpose med kakao og marshmallow (Whittard) kr 300

 

Elles har vi alle Salva sokkar, ull-, bambus og ankelsokker. 

25.06.2020: kr 25 000 er gjeve til forskningsgruppa ved Haukeland Universitetssjukehus. Totalt har Fokus på ME samla inn kr 200 000 og gjeve til forskningsgruppa ved Haukeland. Tusen takk til alle som har støtta oss. Les meir i fana: https://www.fokuspame.no/midlar-som-er-gjeve

17.06.2020: Spleis har oppretta konseptet «hele Norge løper i sommer». Spring for vår hjartesak og vi konkurrer om å vinne 10 000 kroner til vår veldedige organisasjon Fokus på ME. 

Vi har sett "startskotet" for Fokus på ME med følgjande tekst under. Bli med og spring, betal det du ønskjer på denne spleisen: https://www.spleis.no/springforme

Folk som er ramma av ME: barn, unge, vaksne saknar å vere i aktivitet, ha eit normalt liv og ha friheit. 

Opprett gjerne din eigen "løpespleis" der du vel ein tur i ditt nærområde som blir belønninga til dei du får med deg, eller sett sjølv eit personleg mål sykkelritt/ terrengløp etc og få med deg ein heiagjeng. Du kan bruke vår mal som heiter «Gå turen for Fokus på ME», endre overskrifta til løpespleis. Følg denne lenka under og logg inn enten via din eigen Facebook-profil eller opprett eit brukarprofil på Spleis https://www.spleis.no/org/4384

  • Spring, gå eller sykle i ditt nærområde og del spleisen i soiale mediar, på SMS og få med deg fleire

  • Samle inn minst 2 000 kroner på spleisen

  • Spleis (Sparebanken1) velger ut vinnarar i juli og august

Bli med på sommaren si fineste utfordring og gjer verda til ein litt betre stad. «Løp for en god sak: Du velje sjølv om du vil springe, gå eller sykle. Få med deg ein ven eller ti og spring saman, eller send utfordringen videre». 

09.06.20: Stryn Kommune har støtta den veldedige organisasjonen Fokus på ME med kr 5000. Dette vart bestemt etter eit kommunestyremøte i mai. Pengane er no motteke. Vi er takksame for det. «Fokus på ME» hadde ein spleis i samband med den internasjonale ME-dagen 12.mai. Den vart sendt til kommunar i Nordfjord, Sunnfjord og Sogn, samt alle politikarar på Fylkestinget i Vestland Fylkeskommune.

01.06.20: Hjå Japan Foto/CEWE har vi fått bestilt flotte glassklokker med motiv måla av Kunstnar Solveig E. Hopland, som vi skal selge der overskot går til biomedisinsk forsking på ME. I tillegg også vanlege kortstokker med ulike naturmotiv. Meir informasjon kjem både i fana butikk her: https://www.fokuspame.no/butikk og på Facebook-sida vår Facebook.com/fokuspame. Solveig Hopland har også måla motiva som er på postkorta vi har. Besøk gjerne sida Solveigs Kunst, https://www.facebook.com/solveigskunst/

Noreg kunne vorte eit verdsleiande land innan biomedisinsk forsking, men dessverre er ikkje dette eit prioritert område å støtte, med økonomiske midlar frå norske helsemyndigheiter! Kavlifondet har vore ein avgjerande samarbeidspartnar for forskningsgruppa ved Haukeland. Elles er ein avhengig av private aktørar og private innsamling. Så vi set pris på om de hjelper til med å dele vidare informasjon som ligg på heimesida og Facebook-sida vår. Dei pengane som blir donert til Fokus på ME som gåve via vipps, spleis, konto og paypal går uavkorta til forsking (med unntak av det faste gebyret desse tenestene tar). Hervik saft, syltetøy og juice sel vi på dugnad for å skaffe nødvendige inntekt til vår organisasjon. Elles er alt arbeid gjort på dugnad av nokre få personar. 

12.05.2020: Agnete Skrede har skrive ein kronikk som kan lesast i papirutgåve og på nettsida til Firda 12.05.2020. Vi har lagt inn link under fana media her: https://www.fokuspame.no/media

 

12.04.2020: «Fokus på ME» har laga ein spleis i samband med den internasjonale ME-dagen 12.mai. I fleire år har det vore fleire ulike markeringar rundt om i verda i samband med denne dagen. Pga situasjonen med koronaviruset og pandemien som verda står ovanfor er fleire offentlege arrangement avlyst, men det vil nok bli virtuelle markeringar. 

Det viser seg at ME-dagen 12.mai framleis er behov for å markere for å rette søkelys mot korrekt kunnskapsformidling om sjukdommen og behovet for auka midlar til biomedisinsk forsking. Vi har laga ein Spleis, som vi startar litt tidleg i år, og som vi håpar folk vil hjelpe til med å dele vidare i sin omgongskrins. Send gjerne Spleisen til lokale politikarar og i ditt nærmiljø og kommunar.  Vi vil forsøke sende til ein del i Nordfjord, Sunnfjord og Sogn, samt fylkespolitikarar i Vestland. 

Her er link til spleisen:  https://www.spleis.no/12mai2020

28.03.2020: Sal av te, kakao og karameller. - Også Hervik produkt, Salva sokker.  

Vi har igjen ein del av desse varene vi hadde i samband med stand før morsdag og selge på dugnad: te, kakao og karameller. Overskotet av det går til forsking på ME.

Ta kontakt på telefon 92807780 eventuelt e-post fokuspame@gmail.com. Vi kan bringe i postkasser i Markane, Kjøs, Sætren, Svarstad/Faleide.  Elles sender vi kun med post etter posten sine takster. 

 

Vi har Hervik produkta beskrive lenge nede under dato 22.12.19, som vi sel til inntekt for organisasjonen. Salva sine sokker, til kr 250 per pakke: ullsokker, kvardagssokkar i bambus og ankelsokker. 

 

 

28.03.2020: kr 25 000 er gjeve til forskningsgruppa ved Haukeland Universitetssjukehus. Les meir her: 

https://www.fokuspame.no/midlar-som-er-gjeve

 

28.03.2020: «Fokus på ME» ønskjer å takke Kavlifondet for ei økonomisk støtte som vi fekk i mars 2020 til diverse utgifter (domene for heimeside, rekneskap, markedsføring etc) for å kunne drive organisasjonen, og fortsette og samle inn pengar til forskingsarbeidet ved Haukeland Universitetssjukehus. Alt arbeid elles blir gjort på dugnad, og vi ønsker at dei pengane som verte samla inn skal gå til forsking. 

 

​10.02.2020: Sal av te, kakao og karameller: 

«Fokus på ME» hadde to stand i forkant av morsdag på rema Eid, og Stryn Torg var avtalt, men dessverre var der dobbeltbooka. Vi har igjen ein del av desse varene vi selge på dugnad, overskotet går til forsking på ME. Ta kontakt på telefon 92807780 eller eventuelt send e-post: fokuspame@gmail.com (e-post blir lese sporadisk). Vi har også igjen Hervik produkta som vi sel til inntekt for organisasjonen som beskrive i forrige innlegg (22.12.2019).

 

1.Cellofanpose med 4 pakkar te à100 gram, grønn aromatisert te: blåbærte og grønn av misunnelse, svart aromatisert te: krydderte og 'himmelblå'-te. 

kr 340

2. Cellofanpose med 2 pakkar grønn aromatisert te à 100 gram kr 170

3. Cellofanpose med 2 pakkar svart aromatisert te à 100 gram kr 170

3. Karameller med sydesalt frå Karamel kompagniet kr 125

4. Cellofanpose med kakao og marshmallow (Whittard) kr 300

Vi har også nokre glas Kjartans Bringebærhonning 350 gram kr 160.

 

04.02.2020:

Det er sendt informasjon til dei fleste ordførarar i kommunane Nordfjord, Sunnfjord og Sogn om at dokumentaren til Pål S. Schaathun om ME «De bortgjemte» ligg på YouTube. Vidare med oppfordring om å dele informasjon i eigne kommunar til skular og helsepersonell. 

Nok ein gong er det påpeika at det er 50 år sidan Verdas Helseorganisasjon klassifiserte ME som ein nevrologisk organisk lidelse 1969 i ICD-10 systemet. Det er 5 år sidan dei to viktige rapportene frå USA kom, med den mest grundige og systematiske gjennomgangen av forskingslitteraturen. 

 

«2015 kan ha vært det store vendepunktet for ME-forskningen: 29. oktober 2015 kom det en pressemelding fra det amerikanske folkehelseinstituttet National Institutes of Health (NIH) som kan vise seg å være et vendepunkt i ME-historien. Gjennom året har det kommet to viktige rapporter om ME i USA. Den ene fra en uavhengig faggruppe i regi av NIH. Den andre, og viktigste, rapporten kom fra renommerte Institute of Medicine (IOM) i februar i år. IOM blir regnet som den kanskje viktigste uavhengige premissleverandøren for helsemyndighetene i USA. Begge disse rapportene slo ettertrykkelig fast at ME/CFS er en svært alvorlig sykdom, og at helsevesen og myndigheter har sviktet pasientene.» 

Kilde: https://debortgjemte.com/2015/12/21/amerikanske-myndigheter-lover-et-krafttak-i-me-forskningen/

 

Om fleire kommunar ønskjer å støtte «Fokus på ME», og forskinga ved Haukeland som vi samlar inn pengar til så er vi takknemlig for det. Kommune Stryn, Eid, Gloppen og Gulen har støtta med kr 100 per kommunestyremedlem. 

22.12.19. Hervik: 

Vi har igjen ein del av dugnadsvarene frå Hervik som vi sel på dugnad til inntekt (til diverse utgifter) til organisasjon Fokus på ME.

Om du ønskjer noko av dette, send ein SMS på telefon 92807780

- Ein pk med 4 flaske appelsinjuice og 2 flaske eplejuice kostar kr 260

- Ein pk med 3 flaske saft kostar ( 0,5 l Solbærsaft, • 0,5 l Rips & Bringebærsaft • 0,5 l Bringebærsaft) kr 150

- ​Dei største pakkane inneheld (• 0,5 l Lett Blåbær & Solbærsaft • 0,5 l Ripssaft • 0,5 l Bringebærsaft, • 0,5 l Rips & Bringebærsaft,• 375 g Jordbærsyltetøy, • 390 g Bringebærsyltetøy, • 375 g Plommesyltetøy, • 400 g Appelsin & Gulrotmarmelade • 400 g Ripsgelé ) kr 380

​​- 3 pk med sylte som inneheld: (• 375 g Jordbærsyltetøy• 390 g Bringebærsyltetøy • 375 g Blåbæ​rsyltetøy) som kostar kr 120 

21.12.2019

Ei julehelsing frå legane Olav Mella og Øystein Fluge ved Haukeland Universitetssjukehus til Fokus på ME, som samlar inn pengar for å støtte opp under forskninga. Videoen kan sjåast her

17.12.2019: 

Gulen Kommune i ytre Sogn følgjer opp Nordfjord-kommunane:

Stryn, Eid og Gloppen, med å støtte forsking på ME. 

Gulen formannskap har vedteke å støtte «Fokus på ME» med kr 100 pr kommunestyremedlem, tilsaman kr 2 100.

Vi er takksame for det. 

12.12.2019:

​Gloppen Kommune følgjer opp Stryn Kommune og Eid Kommune med å gje kroner 100 per kommunestyrerepresentant, og vi er takksame for det. 

Dette vart bestemt på formannskapsmøtet i Gloppen 11.12.2019.

Behandling: Tilskot til ME-forskning

Ordføraren orienterte om at Gloppen kommune gir kr 100,- per kommunestyremedlem (til saman kr 2.700) til ME-forskning.

10.12.2019:

Kroner 45 000 frå Fylkestinget til Fokus på ME. 

Fylkestinget har hatt det siste møtet i Sogn og Fjordane i dag, og innbyggjarforslaget 'Min sak' vart handsama: https://minsak.no/sak/1764

Der låg eit framlegg til vedtak på å innvilge kr 45 000 som eingongsbeløp til forsking på ME ved Haukeland Universitetssjukehus. Stønaden vert utbetalt til den velgjerande organisasjonen Fokus på ME. Dette vart samrøystes vedtatt. 

Vi er takksame for det, og håpar at dette er eit så viktig signal frå Fylkestinget i Sogn og Fjordane, at det vert følgt opp av Helsekomitteen og Helseminister Bent Høie med å auke dei økonomiske midlane til biomedisinsk forsking på ME. 

Det er ingen tvil om at ME er ein alvorleg sjukdom. ME er ein invalidiserande sjukdom med store konsekvensa for den som er ramma, men også dei pårørande rundt. 10 - 15 000 menneske har ME er Noreg. På verdsbasis reknar ein med at rundt 20 millionar menneske har ME. 

09.12.2019 

Julegåvetips: Matgåve? 
Om du ønskjer gje desse produkta frå Hervik i julegåve, så selge vi dei på dugnad til inntekt for organisasjonen «Fokus på ME».

Ein stor papirpose med 6 flasker á 1 liter juice (4 appelsin og 2 eple), 3 flasker á 0,5 liter saft (Solbær, Rips og Bringebær, Bringebær) og 3 glas syltetøy (blåbær, jordbær, bringebær) til kr. 550.

Send ein SMS til Ester Anny Skrede på telefon 92807780. 

Informasjon om dugnadsprodukta frå Hervik Saft og Juice: 

 

«I sjøkanten, rett ved Ryfylkes vakre natur ligger den vesle fabrikken vår. Hervik saft og syltetøy inneholder mye bær og ingen konserveringsmidler. ­­­­­­På denne måten får du mye av de gode og naturlige råvarene uten at uønskede konserveringsmidler følger med. Hervik juice inneholder rene, naturlige råvarer. Disse er nøye utvalgte av oss, noe som forklarer den naturlig gode smaken».

09.12.2019:

KRONER 10 000 frå Nordfjordrådet til Fokus på ME. 

Nordfjordrådet hadde møte 25.11.2019. Nordfjordrådet består av Nordfjordkommunane Stryn, Eid, Gloppen, Vågsøy, Bremanger og Selje. Ordførar i Gloppen har bekrefta at denne støtta på kr 10 000 vert gjeve til Fokus på ME, som samlar inn pengar til den viktige ME-forskinga ved Haukeland Universitetssjukehus.

«ME har ved ujamne mellomrom vore tema i Nordfjordrådet, og vi er veldig klare over at dette er ei rimeleg stor utfordring også for oss i regionen». 

Med juleaksjonen meinar dei den Spleisen Fokus på ME har hatt før jul. Det vart sendt e-post til alle kommunar i Sogn og Fjordane om dette.

 

Frå møteboka: Støtte til ME-forskning

«Leifulf Gloppestad løfta fram ei sak om å støtte juleaksjonen for ME-forskning. Det har vore arrangert to ME-konferansar i Stryn, og Nordfjordrådet har sett denne saka på agendaen ved fleire høve. Nordfjordrådet bestemte seg for å støtte aksjonen med kr 10.000. Vedtaket var samrøystes». 

 

27.11.2019: Formannskapet Eid Kommune

«Handsaming: RS 29 Politisk forpliktelse i ME-saka, betre situasjonen for ME-pasientar og JuleSpleis for forsking på ME:

Framlegg frå ordførar: RS 29 Politisk forpliktelse i ME-saka, betre situasjonen for ME-pasientar og JuleSpleis for forsking på ME: Eid kommune gir kr 100 per kommunestyrerepresentant, totalt kr 2.900, innanfor formannskapet si ramme.
Formannskapet slutta seg til framlegget».

 

23.11.19: Vi har igjen ein av av det som er kjøpt inn som vi selge til inntekt for organisasjonen. 

Om du ønskjer kjøpe saft, syltetøy eller juice frå Hervik, sokker og reflekshue frå Salva, eller te og søtsaker frå Smak og Behag (per no har vi igjen 4 stk av cellofanpose 2 til kr 300), så kan du lese meir om desse produkta og pris under fana marknad/basar: https://www.fokuspame.no/skogstjerna-17-november

Treng du store lilla kubbelys til advent (brenntid 85-90 timar), samt adventstal i porselen, har vi per no igjen 5 stk poser av det, dei kostar kr 400.

Elles om du skal sende kort, så vi flotte postkort med motiv måla av den lokale Kunstneren Solveig E. Hopland. 

 

15 dagar igjen av Spleisen vår: http://spleis.no/fokuspamejul

Takk til alle som støttar. 

17.11.19: Kva går dei økonomiske midlane som Fokus på ME samlar inn pengar til: Dei økonomiske midlane som er gjeve frå Fokus på ME 2019, til forskingsgruppa ved Haukeland Universitetssjukehus støttar direkte opp under forksingsinnsatsen for å lære meir om dei underliggende sjukdomsmekanisane bak ME, og for å utvikle rasjonell medisinsk behandling. 

Tusen takk til alle som støttar Fokus på ME.

07.11.19: 'Min sak' som vart oppretta i vår skal handsamast i Sogn og Fjordane på det siste Fylkestingsmøte 10.12.19 før vi blir nye Vestland Fylke. 'Min Sak' som over 600 innbyggjarar i Sogn og Fjordane signerte på, kan lesast her: https://minsak.no/sak/1764

 

I tillegg til denne saka har vi sendt ein e-post med meir informasjon om ME til Fylkesordfører både i Sogn og Fjordane og Hordaland, slik at dei hadde meir bakgrunnsstoff når saka skal handsamast. Vi har i Sogn og Fjordane snakka med fleire politikarar og dei har fått mykje informasjon om ME den siste 4 års perioden. 

Her er heimesida til Sogn og Fjordane, der ein kan sjå saker til møtet som vert lagt ut og skal behandlast: 

https://www.sfj.no/offentlig-mote-fylkestinget-10-12-2019.344489.nn.html?mid=119885.6337a48d49

​Nett- TV:

På Sogn og Fjordane sine sider finn ein informasjon om Nett-TV: 

Dei sender direkte frå alle møta i fylkestinget. Du finn opptaka frå møta her når dei er avslutta: http://mediasite.sfj.no/Mediasite/catalog/catalogs/ft

 

​I Hordaland skal dei også ha siste fylkestingsmøte 10.12.19. Vi håpar på positivt utfall på denne saka både i Sogn og Fjordane, og Hordaland, og at saka blir behandla på beste måte. 

Her er heimesida til Hordaland, der ein kan sjå saker til møtet som vert lagt ut og skal behandlast: https://einnsyn.hfk.no/eInnsyn/Dmb/DmbMeetingDetail?MeetingId=973

Nett-TV Hordaland finn du her:  

https://mediasite.sfj.no/Mediasite/Catalog/catalogs/mediasitehfk-fylkesting

01.11.19: Fokus på ME sin Julesspleis fram til 8.desember.

Vi håpar dei som har mulighet ønskjer støtte denne, og hjelper til med å dele informasjonen vidare.  

Kortlenka til spleisen er: spleis.no/fokuspamejul

den kan de bruke til å følgje med på korleis det går undervegs og kor mykje pengar som kjem inn. På spleis kan ein velge følgjande betalingsmåter: vipps, kort eller faktura.  

 

Takk til dei som støttar og delar informasjon vidare. 

 

Vi vil prøve å sende ut til dei fleste kommunar og ordførarar i Sogn og Fjordane, så folk må gjerne oppmode politikarar i sin eigen kommune om å støtte opp om forsking på ME og jobbe innover mot eige parti i helsekomiteen. 

 

Norge er eit land som har alle moglegheiter til å legge til rette for gode tenester til denne pasientgruppa og auke dei økonomiske midlane til biomedisinsk forsking på ME. No må ein få større fokus på denne pasientgruppa og jobbe for å betre situasjonen. I nærmast 50 år har ME-feltet stått stille, men heldigvis har det skjedd ei endring dei siste åra i USA etter rapporten frå «Institute of Medicine» kom i 2015. 

 

 

31.10.19: Jørgen Jelstad har skrive eit viktig innlegg på bloggen sin «De bortgjemte» - eit intervju om dei aller sjukaste ME-pasientane: "Hvorfor aksepterer vi som samfunn at de knapt får hjelp?"

 

«At så syke mennesker ikke får skikkelig oppfølging og et tilpasset tilbud, er et forferdelig nederlag for oss som samfunn. Det er helt åpenbart at det ikke skal være slik. Allikevel er det slik. Hadde kreftpasienter blitt behandlet på samme måte, ville det aldri blitt akseptert. Det bør få noen og enhver til å stille seg selv noen spørsmål».  
«Man trenger ikke vite nøyaktig hva som er galt med pasienten for å kunne gi skikkelig tilbud og støtte. Sørg for stabilitet og trygghet først».

Les innlegget på bloggen De Bortgjemte: https://debortgjemte.com/2019/10/30/et-intervju-om-de-sykeste-me-pasientene-hvorfor-aksepterer-vi-som-samfunn-at-de-knapt-far-hjelp/?fbclid=IwAR1njdJBOCLCtxKNHqoqQOmWJEuADtDYSWgsQbYX3GiTWheLdagWOeFKHXQ

Sett av datoen søndag 17.november og kom på julemarknad på Skogstjerna i Markane kl 14. 

Vi har igjen ein del av produkta som vart kjøpt inn i samband med marknaden/basaren 15.september, (sokkar frå Salva, saft, sylte og juice frå Hervik) i tillegg har vi postkorta, julelappane, miljøhandlenett i bomull og refleks.

Så det kjem til å bli ein ny markand i kjellarstova på ungdomshuset Skogstjerna i Markane 17.November. 

Vi har nokre nye produkt til den markanden blant anna te og søtsaker frå Smak og Behag. 

Så håpar vi folk frå fjern og nær tek turen og støttar julehandelen for ei god sak.

Del gjerne informasjonen med venner og kjente. Les meir på fana Markand : https://www.fokuspame.no/basar

28.09.19. Kommunestyre i Stryn ga kr 2500 til Fokus på ME.

Kommunestyre i Stryn støtta Inge Fænn sitt framlegg om at kommunen kunne gje 100 kroner per kommunestyremedlem, tilsvarande kr 2500 til forsking på ME. Vi er takknemlig for det og håpar fleire kommunar kan støtte tilsvarande. 

 

Om næringslivet ønskjer bidra er det kjærkome og alle bedrifter vil sjølvsagt få logoen sin på heimesida om det er ønskeleg. 

16.09.19:

Vi ønskjer å takke alle som har støtta «Fokus på ME» så langt. Der er laga ei eiga fane på heimesida, med takk og vinnarane av gevinstane på loddbok, som vart trekt 15.09.19.

Vi har igjen ein del av dei varene som vart bestilt inn i samband med marknad/basar 15.sept, så dei er mulig å kjøpe. https://www.fokuspame.no/basar

 

Pga helsemessig situasjon og manglande kapasitet, då det har vore veldig mykje arbeid på få personar (Skrede) for ME-saka, over veldig lang tid, både med konferansen i mars og få på plass heimeside og alt med «Fokus på ME», er vi nødt å ta ein pause no. 

 

All informasjon ligg på heimesida vår, for dei som ønskjer å støtte «Fokus på ME» og forskingsarbeidet ved Haukeland som vi samlar inn pengar til. Vi sette pris på om folk deler vidare heimesida vår: www.fokuspame.no 

Basar og Marknad på Skogstjerna i Markane 15.september 2019 klokka 14:

«Fokus på ME» inviterer til basar og marknad på ungdomshuset i Markane søndag 15.september klokka 14.

 

Det verte sal av lodd på loddbok og sal av lynlodd.

Flotte gevinstar. Så blir sal av postkorta som kunstnar Solveig E. Hopland har måla, refleksband, julelappar og miljøhandlenett/veske med logoen til «Fokus på ME» på.

 

Det blir også sal av dugnadsprodukta til Hervik Saft og sylte. Sal av strikkaprodukt som vi har vore heldige og fått. 

Vi håpar mange tek turen og støttar «Fokus på ME»

Les meir her

Innsamling på Spleis: «Støtt forsking på ME» oppretta 20.08.19: 

«Fokus på ME» har nettopp starta innsamlinga «Støtt forsking på ME» på Spleis, https://www.spleis.no/project/79508

Vi håpar dei som har mulighet ønskjer støtte denne, og hjelper til med å dele informasjonen vidare.  

Kortlenka til spleisen er: spleis.no/fokuspame

den kan de bruke så kan de følgje med på korleis det går undervegs og kor mykje pengar som kjem inn.

 

Takk til dei som støttar og delar informasjon vidare. 

takkebrev.JPG

Fokus på ME har motteke takkebrev for sitt bidrag

bottom of page