top of page

Gå turen for «Fokus på ME»

- og støtt biomedisinsk forsking på ME

ME er ein alvorleg, fysisk, kronisk og kompleks multisystemsjukdom som er sterkt funksjonsnedsettande. Sjukdomen rammar i alle alderar. For mange er saknet etter å vere i fysisk aktivitet stort. 

 

Kanskje du ønskjer å arrangere ein gåtur for «Fokus på ME» i ditt nærområde? Bruk vippsnummer 548006.

«Fokus på ME» er også registrert i Spleis: https://www.spleis.no/org/4384

«Spleis er en norsk folkefinanseringstjeneste. Vi gjør det lekende lett å samle inn penger til gode idéer og fine formål». Her kan du opprette ei personleg innsamling til Fokus på ME, eller støtte ein av dei spleisane som pågår no.

For å gjere det litt enklare å kome i gong har vi laga mal med 3 tema som du kan velge, der er eit av temaene vi har foreslått er 'Gå turen for «Fokus på ME»'. 

Dersom du trykker på start spleis, vil der kome fram ei forhandsvisning med bildet, tittel og forslag til beskrivelse på kva spleisen handler om. 

 

Vi håpar at de som er glad i å gå tur, sykle og drive med andre aktivitetar kanskje kunne vere interessert i å støtte denne saka på ein aktiv måte. Du kan lage ein spleis der du er guide på ein tur og få med deg folk, (turen blir då belønninga du gir tilbake) eller du kan sette deg til dømes eit mål om ei strekning du vil gå ut frå kor mange du får med deg og støttar og heier deg fram. 

bottom of page