Overlege Øystein Fluge og Professor Olav Mella leiar forskingsgruppa for ME ved avdeling for kreftbehandling og medisinsk fysikk. Studiekoordinator for dei kliniske studiane er sjukepleiar Kari Sørland. Forskingsgruppa er samansett av legar og forskarar, sjukepleiarar, forskingsteknikarar, molekylærbiologar og treningsterapeutar. 

Gruppa arbeider med kliniske studiar som omhandlar mogeleg medikamentell behandling for ME/CFS. I tillegg driv gruppa kontinuerlege laboratorieforsøk med utgangspunkt i ein biobank med blodprøver og anna prøvemateriale frå deltakarar i dei kliniske studiane. Forskinga har som mål å kartleggje sjukdomsmekanismar ved ME, og identifisere biomarkørar for sjukdommen.

Forskarteamet ved Kreftavdelinga, Haukeland, har i samband med forskinga og dei kliniske studiane opparbeida ein solid biobank med prøvemateriale. Materialet er godt karakterisert og forskarane har mykje data om pasientane. Det gjer biobanken svært attraktiv. Så langt er det publisert to studiar ut frå biobanken. Den første publiserte artikkelen viser funn som tyder på at eit enzym, Pyruvat Dehydrogenase (PDH) er nedregulert og gir opphoping av melkesyre i staden for energi.

 

Den andre publiserte artikkelen viser at cytokin hjå pasienter med ME diagnostisert etter Canadiske kriterier gjenspeglar alvorsgrada til sjukdomen. Cytokin er små molekylære stoff som påvirkar oppførselen til omgivande celler. 

 

"De aktuelle cytokinene er kjent for å påvirke en rekke biologiske mekanismer, deriblant energistoffskiftet, noe som kan bidra til å forklare deler av det kliniske symptombildet.

- Funnene i denne studien taler for at det kan være viktig med subgruppering av pasienter med kronisk utmattelsessyndrom for å finne frem til best mulig behandling." 

Les innlegget i Tidsskriftet og kva Karl Johan Tronstad, som er professor ved Institutt for biomedisin, Universitetet i Bergen seier: 

https://tidsskriftet.no/2017/10/fra-andre-tidsskrifter/kronisk-utmattelse-setter-avtrykk-i-immunforsvaret

 

Her finn du presentasjon av forskingsgruppa, kliniske studiar på ME og samarbeidspartnar på Helse-Bergen sine sider:

https://helse-bergen.no/avdelinger/kreftbehandling-og-medisinsk-fysikk/forsking-pa-me

Nokre artiklar på norsk om forskningsarbeidet ved Haukeland, som ligg på Kavlifondet sine sider som ein kan lese i linker under. Sidan hausten 2011 har Kavlifondet støtta Forskningsgruppa for ME ved Kreftavdelinga, Haukeland Universitetssjukehus, leia av Øystein Fluge og Olav Mella.

NY STØTTE TIL FORSKNING PÅ ME/CFS FRA KAVLIFONDET: 

Publisert 03.02.2019: https://kavlifondet.no/2020/02/ny-stotte-til-forskning-pa-me-cfs-fra-kavlifondet/?fbclid=IwAR0K_6hY_WAGWwEmCVYr2FzNY4G6mRFPXS9Je88OvyUXAMD2IBWtedQlIwQ

 

STUDIE VISER IKKE EFFEKT AV BEHANDLING MED KREFTMEDISIN HOS PASIENTER MED ME/CFS

Publisert 2.april 2019: https://kavlifondet.no/2019/04/studie-viser-ikke-effekt-av-behandling-med-kreftmedisin-hos-pasienter-med-me-cfs/

 

 

KAVLIFONDET GIR 4,7 MILLIONER KRONER TIL ME-FORSKNING VED HAUKELAND UNIVERSITETSSYKEHUS

Publisert 14. september 2018: https://kavlifondet.no/2018/09/kavlifondet-forlenger-stotten-til-me-forskning-ved-haukeland-universitetssykehus/

 

ØKT SATSNING PÅ FORSKNING GIR HÅP TIL ME-SYKE

Publisert 11.mai 2018: https://kavlifondet.no/2018/05/okt-satsning-pa-me-forskning-gir-hap/

 

NY STUDIE OM PDH-ENZYMET OG ME FRA FORSKNINGSGRUPPEN I BERGEN

Publisert 22. desember 2016: https://kavlifondet.no/2016/12/ny-studie-om-sykdomsmekanismer-ved-me-fra-forskningsgruppen-i-bergen/

 

 

Universitetet i Bergen9,5 millionar frå Forskingsrådet gjennom BEHOV-ME.

Forskningsgruppa rundt Karl Johan Tronstad ved Institutt for biomedisin har fått innvilga 9,5 millionar til å undersøke årsaker ved myalgisk encefalopati

Vil finne årsaker til kronisk utmattelsessyndrom ME​

Publisert 9.april 2018: https://www.uib.no/biomedisin/108970/vil-finne-årsaker-til-kronisk-utmattelsessyndrom-me