Gå turen for «Fokus på ME»

og støtt biomedisinsk forsking på ME, betal det du vil over kr 100

28. April klokka 13 vart den første gå turen for «Fokus på ME» arrangert. Turen gikk langs gamle ferdselsvegar i Markane.

For kvart steg er målet å gå inn nokre kroner til biomedisinsk forsking på ME. Betal det du vil over kr 100. Turen er familievennleg, så for familie betalar dei vaksne og gratis for born.  Ei rundløype på ca 3- 4 km. Ved Skogstjerna er det gode muligheiter for parkering. 

 

Turen går langs gamle ferdselsvegar i Markane, i den store Furuskogen.

Frå Skogstjerna, Ungdomshuset, går ein gamle riksvegen utover mot Dalane. Etter ein har gått forbi garden Dale og gått over brua, går ein av Riksvegen og opp ein sti/skogsveg, som ein kallar ”Gamle Maursetvegen”.

Ved bygging av ny rørgate til kraftstasjonen i Dalane er her opparbeida ein ny skogsveg. Denne skogsvegen går rett til Fennasaga (ei litt kortare rute om ein ønskjer det). Går ein Maursetvegen er det litt bratt stigning, før det flatar ut og ein går vidare på ”Sagemodsvegen” til Fennasaga, som ligg ved Svingesetvatnet. Frå Fennasaga går ein ned dei bratte Dalebakkane. Dalebakkane var før i tida hovudvegen opp til gardane som ligg i Grenda.

Her køyrde ein med hest og slede opp og ned dei bratte bakkane.  Så går ein gamle Riksvegen tilbake til Skogstjerna. 

Takk til dei som var med på turen, og støtta Fokus på ME.

Omlag 25 deltok på turen.