top of page

Personleg innsamling - Fokus på ME er registrert i Spleis

 

Ønskjer du å gjere ein ekstra innsats for en organisasjon du er glad i? Med Spleis kan du enkelt starte di eiga innsamling og bruke engasjerande virkemidlar som streaming, avstemningar og belønningar for å samle inn mest mulig til di hjertesak. 

Ferdig utfylt bilde og tekst - aksjonsmalar

Fokus på ME har oppdatert sida på Spleis med fleire aksjonsmalar. 

På denne måten prøvar vi å engasjere fleire til å hjelpe organisasjonen å samle inn penger til eit felles formål - biomedisinsk forsking på ME, ved Haukeland Universitetssjukehus! 

Dei aksjonsmaler med bilde og tekst (dette kan ein endre og lage meir personleg om ein ønskjer). 

 

Bursdagsinnsamling

Har du snart bursdag? Kvifor ikkje feire dagen ved å starte ei bursdagsinnsamling til ein organisasjon du bryr deg om? Dette er en perfekt løysing for deg som har alt – og heller vil gi noe meiningsfullt tilbake. Inviter venner og familie til å gje ei gåve gjennom bursdagsinnsamlinga di, og bli med på å gjere ein forskjell saman 

Bursdagsaksjon for å gjere det enklare å kome i gong: 

Spleis.no/BursdagME

 

Gje ei kvardagsglede: 

Gje ei gåve til biomedisinsk ME-forsking ved Haukeland Universitetssjukehus og støtt ei god sak.

Vi samlar inn pengar til Fokus på ME, og ditt bidrag vil utgjere ein forskjell. Vi er som er friske og kan glede oss i kvardagen, syns det kan vere fint å gje ei glede til dei som er alvorleg sjuke av ME og har ein tøff kvardag.

Spleis.no/KvardagsgledeME

 

Gå, sykle, springe osv for biomedisinsk ME-forsking: 

ME er ein alvorleg, fysisk, kronisk og kompleks multisystemsjukdom som er sterkt funksjonsnedsettande. Sjukdomen rammar i alle alderar. For mange er saknet etter å vere i fysisk aktivitet stort. 

Vi håpar at de som er glad i å gå tur, sykle og drive med andre aktivitetar kanskje kunne vere interessert i å støtte denne saka på ein aktiv måte. Du kan lage ein spleis der du er guide på ein tur og få med deg folk, (turen blir då belønninga du gir tilbake) eller du kan sette deg til dømes eit mål om ei strekning du vil gå ut frå kor mange du får med deg og støttar og heier deg fram. 

Spleis.no/AktivME

Sjå også: 

https://www.fokuspame.no/gaa-turen

Lag konsert, teater, kunst m.m for biomedisinsk ME-forsking: 

Denne spleisen er meint for at dei som lagar ulike former med kreativt arbeid; kunst, kultur og hobbyar skal kunne støtte ME-forskinga. Enten du tegner, måla, strikker, syr, lagar treprodukt eller smykke, drive mes sang og musikk, teater og drama, skriver osv., skal kunne bidra med kunst og kultur til å støtte ME-forskinga.  Konserten,  kunst blir belønninga du gjer og legg inn belønning og pris på kva det kostar. Om du lagar kunst, dikt, plakat,  kort m.m som skal sendast , hugs å hake av for at du treng adresse til dei som kjøper og rekn inn portoen det kostar å sende. 

Link til aksjonsspleisen:

Spleis.no/KunstME

 

Lag håndarbeid, strikka produkt, smykke, keramikk,  trereiskap m.m og sel til inntekt for biomedisinsk ME-forsking: 

Kreativ for forsking på sjukdomen ME - Myalgisk Encefalopati: 

Målet med denne spleisen er at alle som driv med kreativt arbeid  skal kunne bidra med håndarbeid og kunst til å støtte den viktige ME-forskinga ved Haukeland Universitetsjukehus. Kanskje du er ven, kollega, klassekamerat eller slektning som ønskjer bidra – så er dette ein fin måte å gjere det på. Spleisen skal også vere for dei som er ramma av ME, men på tross av sjukdomen likevel klarer å drive med hobbyar som å teikne, måle, strikke, sy, lage smykke eller treprodukt. m.m.  Vi starter ein spleis og i belønning kan ein kjøpe produkta som vi bidrar med. Produkta blir laga med kjærleik og vil variere litt sidan kvart produkt er unikt. 

Nb! Hugs å hake av for at du treng adresse til dei som kjøper og rekn inn portoen det kostar å sende. 

Link til aksjonsspleisen:

Spleis.no/HandarbeidME

 

Støtt ME-forskinga: 

Støtt forsking på ME og gi eit håp om lindring og behandling til dei som har sjukdomen ME.

Gje eit bidrag til at forskarane ved Haukeland får forsette det viktige forskingsarbeidet. Organisasjonen 'Fokus på ME' sender innsamla midlar direkte til forskingsgruppa. Den nye kliniske studien med legemidlet daratumumab treng midlar.

Spleis.no/ME-forsking

 

Minnegåve

Ei minnegåve til den vesle organisasjonen "Fokus på ME" er ein fin måte å heidre eit kjært familiemedlem eller ein god venn. Gåva di til forsking gjer andre menneske nytt håp og nye moglegheiter.

Link til spleisen: 

Spleis.no/MinnegaveME

 

Dugnadsal til organisasjonen: 

"Fokus på ME " er ingen medlemsorganisasjon, og sender alt overskot som blir gjeve direkte til forsking. Alt arbeid er gjort på dugnad av nokre få personar. For å drive organisasjonen trengst det eit minimum av økonomi. Her kan du opprette Spleis,  og hake av for produkta du vil selge,  bambussokkar, lodd etc.  Dugnadsspleis er derfor viktig for å støtte organisasjonen.

Link til aksjonsspleisen.

spleis.no/DugnadssalME

 

Julegåve til biomedisinsk ME-forsking ved Haukeland Universitetssjukehus.

Vi samlar inn pengar til Fokus på ME, og ditt bidrag vil utgjere ein forskjell. Vi er som er friske og kan glede oss til advent og jul, syns det kan vere fint å gje ei juleglede til dei som ikkje glede seg til jula.

 

Jula handlar om meir enn materielle ting – den handlar om å vise kjærligheit,

omsorg og takknemligheit. Gje ei juleglede til dei som ikkje kan glede seg til

jula. For dei som har ME stel sjukdomen år etter år av livet deira. Dersom

forskingsmidlane ville auka, kunne forskarane på heilt år, 365 dagar, kome eit

skritt nærare å forstå sjukdomsmekanismen og forhåpentlegvis finne

behandling.
spleis.no/JulegledeME25

Del gjerne vidare til flest mogleg. 

https://www.spleis.no/fokuspame

stottMEforskninga.png
fokuspame_bunn.JPG
bottom of page