NYHENDE
02.10.23:
TUSEN TAKK
Fokus på ME har gjeve kr 40 000 til forskingsgruppa ved Haukeland Universitetssjukehus. Totalt er kr 1 200 000 samla inn og gjeve til forskingsgruppa ved Haukeland. Tusen hjarteleg takk til kvar og ein, som har støtte med små og store beløp. Les meir i denne fana: https://www.fokuspame.no/midlar-som-er-gjeve
Besøk gjerne også vår Facebook-side: facebook.com/fokuspame
29.09.23:
UiB får 11 millionar i støtte til ME-forskning; "Forskningsrådet har bevilget 60 millioner kroner til ulike forskningsprosjekt innen kvinnehelse. UiB er tildelt 11 millioner kroner til et prosjekt ved Institutt for biomedisin som skal undersøke om pasienter med ME kan ha en feil i energiomsetningen.
– Denne bevilgningen betyr svært mye for forskningen vår på ME/CFS. Målet for dette prosjektet er å få ny kunnskap om mekanismene bak sykdommen, og lete etter biomarkører som forhåpentligvis kan brukes til diagnostisering og målrettet behandling, sier prosjektleder Karl Johan Tronstad ved Tronstad lab. Han leder forskningen i tett samarbeid med Øystein Fluge og Olav Mella fra UiB og Haukeland universitetssjukehus».
LES artikkelen på UIB sine sider, og Forskning.no: https://www.uib.no/med/164929/uib-får-11-millioner-i-støtte-til-me-forskning
06.09.23:
TUSEN TAKK
Det er litt forsinka overført innsamla midler til forskningsgruppa på Haukeland.
Det er i juli overført kr. 190.000,- (siste kvt. 22) og kr. 100.000,- pr. juli i 2023.
️️Totalt har Fokus på ME samla inn kr 1.160.000,- og gjeve til forskingsgruppa ved Haukeland.️️
kr 100 000 er samla inn forløpig av år 2023
kr 630 000 er samla inn i løpet av år 2022
kr 160 000 er samla inn i løpet av år 2021
kr 120 000 er samla inn i løpet av år 2020
kr 150 000 er samla inn i løpet av år 2019
Tusen takk til kvar og ein som har støtta oss.
Vi set pris på alle som har støtta Fokus på ME, også med å hjelpe og dele informasjon vidare.
Vi oppdatere heimesida www.fokuspame.no så fort det lar seg gjere.
grunnleggar Agnete Skrede har det siste året hatt ei sterk helsemessig forverring (etter corona og div. undersøkinger) og ikkje hatt nokon kapasitet til aktivitet på
FB. Det vil vel litt framover også vere liten aktivitet frå henne, men organisasjonen er her og vi vonar folk støtter opp vidare
Vippsnummeret er: 548006.
Om du vil lage ein personleg innsamling er Fokus på ME registrert både i
Spleis: https://www.spleis.no/org/4384
og Facebook: https://www.facebook.com/fund/fokuspame/
Fast givar: Om du ønskjer å bli fast givar til ME-forskinga, kan du enten bruke doner-knappen på heimesida https://www.fokuspame.no, eller du kan opprette ein betalingsavtale i nettbanken din.
ME er ein av dei mest invalidiserande sjukdomane som er kjend, men likevel er dei statlege midlane til forsking på denne sjukdomen svært låge.
Bakgrunnen for organisasjonen Fokus på ME er at den er starta i håp om at ein kan samle inn pengar, og dermed sette søkelys på dei manglande økonomiske midlane til biomedisinsk forsking.