top of page

MIN SAK' til fylkestinget: «Økonomisk støtte til biomedisinsk forsking på ME»

«Fokus på ME» oppretta 'Min sak' til politikarane på Fylkestinget, om økonomiske støtte til biomedisinsk forsking på ME. For å få saka behandla på Fylkestinget trong ein minst 500 underskrifter og dei som skreiv under måtte vere folkeregistrert i det fylket dei signerte på. 

10.12.2019:

Kroner 45 000 frå Fylkestinget til Fokus på ME. 

Fylkestinget har hatt det siste møtet i Sogn og Fjordane i dag, og innbyggjarforslaget 'Min sak' vart handsama: https://minsak.no/sak/1764

Der låg eit framlegg til vedtak på å innvilge kr 45 000 som eingongsbeløp til forsking på ME ved Haukeland Universitetssjukehus. Stønaden vert utbetalt til den velgjerande organisasjonen Fokus på ME. Dette vart samrøystes vedtatt. 

Vi er takksame for det, og håpar at dette er eit så viktig signal frå Fylkestinget i Sogn og Fjordane, at det vert følgt opp av Helsekomitteen og Helseminister Bent Høie med å auke dei økonomiske midlane til biomedisinsk forsking på ME. 

Det er ingen tvil om at ME er ein alvorleg sjukdom. ME er ein invalidiserande sjukdom med store konsekvensa for den som er ramma, men også dei pårørande rundt. 10 - 15 000 menneske har ME er Noreg. På verdsbasis reknar ein med at rundt 20 millionar menneske har ME.

 

Sogn og Fjordane og Hordaland fekk nok underskrifter til å sende inn saka til Fylkestinget. 

 

I følgjande fylker vart saka oppretta: Sogn og Fjordane, Hordaland, Trøndelag og Oslo, og den kan du lese ved å trykke på link under.

 

 

Sogn og Fjordane: https://minsak.no/sak/1764

 

Hordaland: https://minsak.no/sak/1765

 

Trøndelag: https://minsak.no/sak/1766

 

Oslo: https://minsak.no/sak/1768

bottom of page