top of page

Den 3. konferansen er arrangert: 

Det vart 13. og 14 april 2021 arrangert ein ny stor biomedisinsk konferanse, heiltdigitalt, denne gongen under organisasjonen som heiter ME-konferanse Stryn. 

ME-konferanse Stryn er ein biomedisinsk konferanse og vart
registrert som ideell organisasjon i Brønnøysundregisteret
22.04.2020. Formålet er å arrangere ME-konferanse 2. eller 3. kvart år for å bidra
til meir kunnskap og auka søkelys på ME-saka. Kor ofte konferansen
kan arrangerast vil verte gjort ut frå ei totalvurdering av fleire
faktorar. 

 

Der ligg mykje informasjon på heimesida https://www.mekonferansestryn.no, som rapportar frå konferansane, omtale om foredragsholderer som har deltatt, nokre powerpoint-presentasjonar, ein film med intervju vi fekk laga i samband med konferansen 2021, m.m. 

Tips gjerne andre om dette, så helsepersonell, politikarar, tilsette i kommunar og NAV, samt samfunnet generelt for å auke kunnskap og forståelse rundt alvoret i sjukdomen ME - Myalgisk Encefalopati.

 

ME-konferanse Stryn sin Youtube-kanal:  

Kveldsforedraga frå ME-konferanse Stryn ved Ola Didrik Saugstad og Jørgen Jelstad  tilgjengeleg for alle med engelsk teksting, (undertekst må vere aktivert). 

https://www.youtube.com/channel/UCj7XUvV_7I5O9QgHh7s6xKQ/featured
 

 

 

Historikk: Dei to tidligare ME-konferansane som har vore arrangert i Stryn i
2016 og 2019 er i privat regi av initiativtakar Agnete Skrede og
hennar næraste familie. Nære vener har bistått med heimeside,
plakatar, pakking av invitasjonar osv. Alt arbeid med ME-konferansen
er gjort på dugnad (bruk av feriedagar og liknande) utan løn, av
nokon få personar. Agnete har alvorleg ME. Ho og hennar næraste
familie har lagt mykje krefter over mange år med kjempe for
biomedisinsk forsking og formidling av medisinsk kunnskap om
sjukdomen.

bottom of page