«Fokus på ME» er ein liten veldedig organisasjon som var danna i Stryn hausten 2018 og er registrert i Brønnøysundregisteret.
Den har eit klart formål: samle inn pengar til biomedisinsk forsking og spreie kunnskap om ME.
For å hjelpe dei som har ME og familiane deira til å få ein betre kvardag trengs det meir forsking og kunnskapsformidling om sjukdomen.
Formål med ’Fokus på ME’: er å samle inn pengar til biomedisinsk forsking på ME i Noreg, i første omgang til Haukeland Universitetssjukehus, Avdeling Kreftbehandling og medisinsk fysikk, forskingsgruppa leia av Olav Mella og Øystein Fluge. Fokus på ME har også som formål å spreie kunnskap om ME.
ME er ein av dei mest invalidiserande sjukdomane som er kjend, men likevel er dei statlege midlane til forsking på denne sjukdomen svært låge. Bakgrunnen for organisasjonen ’Fokus på ME’ er at den er starta i håp om at ein kan samle inn pengar og kunne bidra til forskingsarbeidet.
Meir informasjon finn du i fanene til venstre.
Det vil verte informert på heimesida etter kvart kor mykje pengar som er overført. Ønskjer du å støtte dette arbeidet kan du gje ei gåve til:
Kontonummer: 3705 37 44029 eller Vippsnummer: 548006
Donasjon via Paypal:
Dei pengane som vert donert til Fokus på ME går uavkorta til biomedisinsk forsking på ME, så derfor har vi hatt diverse produkt vi har selt som Hervik saft, syltetøy og juice, te i lausvekt, sokkar m.m. til inntekt til organisasjonen Fokus på ME. Det variere litt kva vi har.
Elles har vi også postkort og veggur med motiv av Solveig E. Hopland, veske/handlenett, refleks med logo på.
Dette finn ein i menyen på fana "Dugnadssal til organisasjonen" og "Butikk".
Hjarteleg takk for di støtte